Av Svein Kåre Senneset, Leiar av helse— og sosialutvalet i Sogn og Fjordane

Men han veit ikkje om at dei høge herrar og damer over han i Helse Vest meiner noko anna. Dei konkluderer i sin rapport med at Lærdal sjukehus skal omgjerast til eit distriktsmedisinsk senter med fødestove. Ved Nordfjord sjukehus skal fødeavdelinga omgjerast til fødestove og akuttberedskapen i kirurgi skal fjernast.

Kva regjeringa meiner, tykkjest noko uklart. I framlegg til statsbudsjett konkluderer helseministeren med at: «Stortinget har bedt regjeringen om å gjøre Statens Helsetilsyns nivåinndeling for fødselsomsorgen gjeldende for planlegging og organisering av fødselsomsorgen.»

Ut frå dette skulle ein tru at Helse Vest er på trygg grunn når dei gjer framlegg om ei kraftsentralisering av fødetenestene i Sogn og Fjordane. Men når ein les litt meir i budsjettframlegget til helsedepartementet, finn ein at: «Regjeringen mener at dagens desentraliserte fødselsomsorg skal opprettholdes».

Sosialkomiteen på Stortinget følgjer opp dette og slær med fynd og klem fast at: «Komiteen viser til de føringer som Stortinget har lagt på å beholde en god og faglig fødselsomsorg, må vektlegges tungt. I dette ligger det også at fødetilbudene holdes mest mulig desentraliserte og ikke bygges ned».

Fleirtalet i komiteen (Ap, H, SV, KrF, Sp) påpeikar at norsk geografi med spreidd busetnad og lange avstandar mellom sjukehusa nødvendiggjer eit desentralisert fødetilbod.

Ap, SV og Sp «ser det som betenkelig at det nå er igangsatt prosesser i regi av de ulike helseforetakene som kan bidra til en kraftig sentralisering av fødetilbudet, der så vel fødetilbudet ved Aker sykehus samt ved en rekke lokalsykehus står i fare for å bli nedlagt eller lagt om til fødestuer».

Sogn og Fjordane «sin» representant i komiteen slutta seg ikkje til denne formuleringa. Han meinte heller ikkje slik som Ap, SV, og Sp «at fødetilbudet til befolkningen er en så viktig sak som har så store ringvirkninger for det generelle helsetjenestetilbudet, at Stortinget bør ta stilling til større strukturelle endringer av dette. Før dette har skjedd, bør slike endringer ikke finne sted».

Hadde Magne Årøen slutta seg til dette, måtte helseministeren ha stansa dei pågåande nedleggingsprosessane. Men det vil dei nok ikkje - korkje ministeren eller Magne Årøen.

Eg trur nok at ministeren (generalforsamlinga i helseføretaka) vil late det «skure og gå» enno ei tid. Befolkning og sjukehusmedarbeidarar må ligge på pinebenken enno nokre månader. Ingen vil få vite kvar helseministeren hoppar før han har hoppa.

Helge Bryne og kumpanane hans i Helse Vest har gjennom rapporten sin synt at dei kan tøye NOU-ar, og stortingsmeldingar til det yttarste. I mindre grad har dei synt til kva Stortinget har sagt i sine innstillingar og vedtak. No bør dei lese sosialkomiteen sine samrøystes merknader til statsbudsjettet, legge seg desse på minnet og til grunn for strategiarbeidet i helseforetaket.

«Fødetilbodet skal haldast mest mogleg desentralisert og ikkje byggjast ned».

For det er vel Stortinget som styrer - eller?