Dette er ikkje noko nytt. Under den kalde krigen var dette det vanlege, både for USA og Sovjetunionen. Men å la andre slåsst for seg, fritek ikkje bakmannen for ansvar.

Me kjenner godt Taliban sin undertrykkjande praksis, og i denne nye situasjonen vert det særleg viktig å sjå grundigare på våre nye allierte i Afghanistan. Kva slags framtid kan det afghanske folket vente seg om Nordalliansen kjem til makta? Då regjeringa til president Rabbani trakk seg ut av Kabul hausten 1996 og overlét kontrollen av hovudstaden til Taliban, danna det grunnlaget for det som no er omtala som Nordalliansen.

Nordalliansen er ei laus samanslutning av ei rekke militære grupper. Dei utgår frå alle dei viktigaste etniske gruppene i Afghanistan, men den største folkegruppa, pashtunarane, er den som er dårlegast representert. Partane i alliansen har alle vore i væpna konflikt med kvarandre inntil heilt nyleg, og dei har alle ein fiende i Taliban og deira religiøst-baserte og pashtu-orienterte maktvelde. Dette er limet som held den skjøre alliansen samla.

Alliansen inkluderer ei rekkje forskjellige grupper, men særleg tre er sentrale. Den største er det tadjik-dominerte Jamiate Islami, formelt leda av president Rabbani, men med kommandant Massoud som maktsenter inntil han nyleg mista livet i eit attentat. På 1980-talet spela Jamiat ei viktig rolle i motstandsrørsla mot Sovjet, det såkalla mujahedin. No kontrollerer dei områda i nordaust, frå like nord om Kabul opp til grensa mot Tadsjikistan.

Ei anna sterk gruppering er leia av usbeken og militsialeiaren Dostum, og var frå midten av 1980-talet ein viktig kampstyrke for den kommunistiske Kabul-regjeringa. Dostum har vekselvis vore i eksil, men kontrollerte i perioden fram til 1997 store område i nord, opp mot grensa til Usbekistan. For det tredje finn vi ei gruppe som utgår frå hazara-minoriteten i det sentrale fjellområdet. Desse skil seg òg frå resten av folket ved å vera shia-muslimar, og har derfor hatt nære kontaktar med nabolandet Iran. Mellom dei mindre grupperingane innan alliansen finn vi fleire pashtunske parti med bakgrunn frå den Pakistan-baserte motstanden mot Sovjet på 1980-talet.

Enkeltvis har partane i alliansen henta både politisk og militær assistanse frå forskjellige ytre støttespelarar, og alliert seg med forskjellige grupper. På første halvdel av 90-talet var Pakistan viktigast — dei støtta både Rabbani si mujahedin-regjering i Kabul og Dostum.

I dette tidsrommet var det også tett samarbeid mellom enkelte alliansemedlem og opprørsgrupper i Tadsjikistan og Usbekistan, som då oppretta treningsleirar i nordområda. Islamistar frå Kina, Kashmir og ei rekke andre land fekk trening i leirar i sørlege Afghanistan av andre parti i alliansen. Då Pakistan seinare konsentrerte støtta om Taliban, overtok Iran, India og Russland som støttekjelder for Nordalliansen.

Desse landa hevda då at Taliban vart oppretta ved hjelp av Pakistan, USA og Saudi-Arabia. Osama bin Laden valde derfor å føre vidare det tidlegare samarbeidet sitt med mujahedin-partia, og busette seg i område kontrollert av Rabbani-regjeringa då han returnerte frå Sudan i 1996. I perioden frå 1992 til 1996 fekk afghanarane prøve styresettet til Nordalliansen. Fram til 1995 kjempa partane seg imellom om makta over Kabul, med det resultatet at store delar av byen vart øydelagt, titusen vart drepne, og oppimot ein million drivne på flukt. Dei omfattande overgrepa, valdtektene og utreinskingane som fann stad, er mellom anna dokumentert av Amnesty International. Afghanistan-konflikten tok ei ny vending i denne perioden, då massive overgrep, også mot sivile, i stor grad vart grunngitt med etniske eller religiøse skilnader.

Sjølve regjeringa, med Rabbani som president, framstod på inga måte som samla eller handlekraftig. Departementa i Kabul vart delt mellom partia utifrå militært styrkeforhold, og kvar av dei utnytta den makt og høve til inntening det gav. Kriminalitet, smugling og narkotikadyrking auka. Alle midlar, inkludert overføringar utanfrå, gjekk til å styrka dei einskilde partia, oppkjøp av privat eigedom og til å sikre seg lojalitet hjå kommandantar utanfor Kabul. Lite vart nytta til statsadministrasjon, og lærarar- og helsepersonale gjekk i lange periodar utan lønn.

Då Rabbani gjenoppnemnde seg sjølv som president etter utløpet av interimsperioden, trakk fleire av mujahedin-partia seg frå regjeringa.

Tvangsrekruttering av gutar ned til tolv år til kanonføde ved fronten førte til aukande motstand på landsbygda. Ei iherdig trykking av pengesetlar leda til ein galopperande inflasjon med sterkt forverra tilhøve for innbyggjarane. Mot slutten av perioden vart det også innførte reglar som avgrensa kvinnene sin rett til arbeid, i tillegg til at støtta i byområda vart redusert. Gitt dei historiske konfliktane, den store skilnaden i ideologisk forankring, etnisk bakgrunn og religiøs orientering, har Nordalliansen hatt store problem med å framstå som ein samla front.

Rivalisering om leiarposisjon og fordelingsnøkkelen for dei militære forsyningane har vore konstante stridstema. Det eksisterer ingen tillit mellom partane, og det er synleggjort ved at av dei leiarane som har hatt påverknad, er det berre Masoud, og delvis også president Rabbani, som har opphalde seg i Afghanistan over dei siste åra. På trass av at gruppene i alliansen i liten grad har gått ut over kjerneområda sine, har overgrep mot både sivilbefolkning og motstandarar halde fram. Human Rights Watch har i ein fersk rapport namngitt ei rekke alliansekommandantar som har stått for omfattande overgrep, og åtvarar derfor mot at desse skal verta nytta av USA og deira allierte i kampen mot terror. Når Massoud sin arvtakar, general Fahim Hakim, har bakgrunn frå det frykta afghanske hemmelege politiet, styrkar det neppe tilliten hjå folk flest eller hjå samarbeidspartane.

Alliansepartnarane har i liten grad tatt sikte på å byggja opp sivile administrative strukturar, og dei har vist liten vilje til å ta ansvar for innbyggjarane i områda dei kontrollerer. Slike oppgåver har dei overlate til dei frivillige organisasjonane og FN. Kor viktig illegal handel og smugling har vore for å oppretthalda makta, inkludert narkotikaproduksjon for Jamiate-grupperinga, er tungt dokumentert. Dette er bare eitt eksempel innan ein omfattande krigsøkonomi som har vorte vidareført frå 80- og 90-talet, der kommandantar alltid har sett det som viktigare å styrke eigen posisjon enn å sikre seg folkeleg støtte.

Men i Afghanistan kan det no synast som om historia gjentek seg sjølv. Etter terroraksjonen 11. september kom lovnader om forsyningar og støtte, og alliansen har igjen samla seg. Dei framstiller seg no som eit alternativ til Taliban-styret, og prøver å reinvaska seg frå dei overgrepa som heftar ved dei, tilknyting til terroristorganisasjonar inkludert. Profesjonelle lobbyistar er derfor hyrt inn for å tale deira sak i Washington. Dette kan likevel ikkje dekke over at alliansen ikkje har utarbeid noko politisk plattform eller regjeringsstruktur for eit framtidig Afghanistan. Lite synest å vere endra i løpet av dei fem åra dei har vore utanfor regjeringsmakta i Kabul.

Vesten si fornya støtte kan føra Nordalliansen tilbake til makta, og med ei statsmakt i oppløysing kan militære styrkar lett verte avgjerande for deltaking i ei sentralregjering. Verken Taliban eller partane i Nordalliansen har forvalta tidlegare makt på ein måte som inngjev tillit, ikkje hjå afghanar flest, heller ikkje i verda utafor. I ein slik situasjon vil eksterne makter sin bruk av den eine for å ramme den andre kunne føre til eit tungt moralsk ansvar.

Utfordringa er å legge til rette for ein tredje veg, som ikkje tek utgangspunkt i militær makt, men i leiarar som har støtte i folket og som har vilje til å handle til deira beste. Det må leggast til rette for at afghanarar sjølv får arbeide seg fram til ei breitt samansett løysing.