Som ein kan sjå av store avisoppslag dei siste vekene så er Bergen sentrum plaga av stor luftforureining. Grunnane til det er fleire, og ekspertane er ueinige om kva som er den største årsaka. Men biltrafikken er ei medverkande årsak, og må ta ein del av skulda. I tillegg til eksosen som bilane spyr ut, så er piggdekka flinke til å produsere asfaltstøv. Politikarane har sett dette og prøver å finne ut korleis dei skal få ned talet på bilar som kjører med piggdekk. Og dei har mange gode forslag.

Kva er så grunnen til at mange framleis kjører med piggdekk, trass åtvaringane om den auka forureininga? Svara som ein får hjå bilistane går sjølvsagt på det som har med salting og strøing av vegane. Mange føler seg mykje tryggare med piggdekk på bilen enn det å kjøre piggfritt, og på iset vegbane er piggdekk best.

Kva gjer så politikarane med det? Jo, dei løyver stadig mindre pengar til salting og strøing av vegane. Og mindre salting og strøing av vegane fører til at fleire bilistar føler seg utrygge, som så fører til at fleire kjører med piggdekk. Og det fører til større luftforureining i Bergen.

Den siste vinteren har fylkespolitikarane i Hordaland kutta ned på løyvinga til salting og strøing av fylkesvegane både i Bergen kommune, men òg i kommunane som ligg rundt Bergen. Det har ført til at veldig mange i desse områda har skifta frå piggfrie dekk til piggdekk. Og mykje folk frå områda rundt Bergen reiser inn til Bergen sentrum på arbeid og handling, og er då med på å laga forureining i «bydn».

Som bussjåfør i HSD på Osterøy har eg og mine kollegaer, både på Osterøy og i dei andre kommunane rundt Bergen, hatt store problem denne vinteren på grunn av at alle fylkesvegane no er tatt ut av kartet når det gjeld salting. Me har i fleire år no kjørt piggfritt på alle bussane som kjører til og frå Bergen, men personleg er det no siste vinteren eg kjører piggfritt med slik dårlig vedlikehald. Så neste vinter vil også eg med min store buss vera med på å laga luftforureining i Bergen sentrum. Ikkje fordi eg vil, men politikarane tvinger meg!

Steinar Reigstad