Først tre dagar etter at videobileta feilaktig vart viste på tv, kom dementiet. I sendinga måndag kveld beklaga tv-stasjonen det som har skjedd, samt viste den riktige videosekvensen.

— Feilen skjedde her på huset, og vi kjem til å undersøke grundig kva som har skjedd. Vi har også beklaga det som har skjedd overfor butikken og John E. Petersen, seier Hansen.

— Har de tatt kontakt med Helge Skodvin?

— Nei, det har vi ikkje gjort.