PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.noFørde i SunnfjordHeller ikkje var det nokon som hadde høyrt om Førdehuset, der dei skulle spele på kveldens store dansegalla.Etter kvart fann dei stadville dansebandsjarmørane ut at dei hadde bomma stygt, og hamna i Førde i Sveio kommune, mangfoldige mil frå Førde i Sunnfjord. Svenskane hadde brukt eit internettprogram til å finne reiseruta til Førde, og datamaskina hadde altså vald feil Førde. Men kvelden vart likevel redda, for Thorleifs-gutta hadde tid på seg og nådde dansebandgallaen klokka 22 laurdag. Der var nesten to tusen danseglade allereie i god stemning. Då hadde bandet bak seg ein seks timars biltur på 284,1 kilometer. Alt ifølgje kartprogrammet på internett.

KOM FRAM TIL SLUTT: Dei kom fram til slutt, musikarane i det populære dansebandet Thorleifs frå Sverige. Så vanka det jubel til vokalisten frå publikum. (Foto: Arne Stubhaug, Firda)