KJARTAN RØDLAND

Det var ikkje ofte dei møttest, Helge Ingstad og Hjalmar Dale, endå dei brukte år av sitt liv i dei same delane av det arktiske Canada. Helge Ingstad slo seg saman med indianske stammer, og lærde av dei så mykje at han skjøna korleis norrøne landnåmsmenn hadde tenkt seg fram til buplassen på L'Anse Aux Meadows.

Hjalmar slo seg saman med eskimoar. Men ein og annan gongen møtte dei kvarandre, og førde lange samtalar når dei kvilde seg ut etter lange ferder. Det vart ein venskap som varde livet ut – Hjalmar fann dei død i hytta si ein dag i 1967, og sanna det dei sa i desse aude traktene: «Han som dreg inn i dette landet mot nord, vil ein gong lata etter seg sine bein her».

Hjalmar hadde nok fått magekreft då han la ut på si siste ferd, men han var trygg og overtydd på at dersom han berre svelta seg i naturen og heldt seg unna giftige aluminiumkjelar, så skulle han nok verta bra.

Innflyttar og emigrant

Kvart år lagar Vaksdal historielag ei årbok der stoffet er henta frå det som i dag er Vaksdal, frå øvst i Eksingedalen til grenselandet på Trengereid. I år er det nok Ole Petter Rekvigs forteljing om Hjalmar Dale som gjer sterkast inntrykk, om guten som kom flyttande inn til Dale på den tida Peter Jebsen sette i gang sine Dale Fabrikker, og som kom til å bruka sine beste år som fangstmann, gullgravar, hjelpar og filosof i trakter der knapt nokon kvit mann hadde vore før han.

Men eit fjell har det eine namnet hans, ein sjø har det andre – «Elgsjøen» var eit namn han og Helge Ingstad saman let etter seg i øydemarka. Rekvig har leita grundig for å finna stoffet sitt, og Hjalmar Dale gjorde det ikkje lett for han, han skifta namn fire-fem gonger i livet. I dåpen i 1894 fekk han namnet Hjalmar Nilsson Hundhammer, og det namnet hadde han til han emigrerte i 1913. Så tok han etternamnet Dale etter staden han kom frå, i Canada skifte han til Hjalmar Nelson fordi det kom ein Hjalmar Dale frå Sunnfjord til Amerika, så vart det Hamar Nelson, og av og til det motsette.

Helge Ingstad bad han halda på Hjalmar Dale-namnet, for han hadde skaffa seg eit ry under det. Men Hjalmar brydde seg ikkje: «Eg kan skaffa meg nytt ry med nytt namn!» svara han. Men årboka har mykje anna også. Åge Lavik frå Eksingedalen har arbeidd iherdig i mange år med å finna att vegen som folk brukte til og frå Gulatinget, og har fått dei fleste bitane på plass i puslespelet.

Krigen på Stanghelle

August Brinkmann jr. – som har skrive den grundigaste dokumentasjonen om kampane mellom Bergen og Voss i 1940 — skreiv i 1976 ein stor artikkel i Norsk Militært Tidsskrift om kampane rundt Stanghelle, slik han har funne dei i tyske kjelder, og den artikkelen er med i årboka. Elles er det stoff om barndom og heimbygd, om Liastølen, om Sædalen ved Vaksdal, om Lars Torbjørnsen Øvsttun og om gamle reiskapar.

Men folk med tilknytning til Vaksdal og Dale vil heilt sikkert kjenna seg mest heime i skildringa som Astrid Fosse har frå Dale – det vil seia Skyttarplassen – i tida like før og like etter krigen, då ho sjølv vaks opp frå skulebarn til forelska ungdom. Her er alt på plass, kvar einaste liten butikk som var, også han som selde snop frå kjøkkenet sitt, med stengetid berre når presten stod på stolen søndag føremiddag, og ikkje minst kvart einaste hus på Skyttarplassen, kven som bygde, kven som eigde huset og korleis det står til med dei i dag.

Det er noko å tenkja på for dei som i dag svingar av frå E 16 og ikkje merkar Skyttarplassen som anna enn husklynga der dei tek fatt på den smale og bratte vegen oppover mot Bergsdalen!