Tidlegare fylkesordførar Magnar Lussand frå Granvin kan sjå lysare på livet enn på lenge. Han har i årevis vore ein ivrig forkjempar for Hardangerbrua, og tilbakeslaga har vore fleire og tunge. Men no kan det sjå lysare ut. Ein statsråd frå Venstre, Torild Skogsholm, set no i gang ei ny byggjesak. Gjennom statsbudsjettet gir ho klarsignal til Hordaland Vegkontor: Gå i gang med ny konsekvensutgreiing og lag planar og kostnadsoverslag for bru over Hardangerfjorden. Dette er som søt musikk i øyrene til gamleordføraren i Granvin. Han veit betre enn dei fleste at han ikkje skal gle seg for tidleg. Sist hadde han vegsjef Josef Martinsen som heftig alliert og ei drivande kraft for Hardangerbrua. Då vart det gjerne kutta ein sving både her og der.

No er det kome bok om då Harry Herstad snytte hardingane for bru, ført i pennen av Kristine Sæle og Stanley Hauge. Det kan vera greitt at ho kjem på eit tidspunkt då Magnar Lussand meir enn anar at prosjektet hans er på veg opp att frå departementale skuffer.

Alle relevante sider med Josef-bolken på Hordaland Vegkontor er over. No heiter vegsjefen Ole Christian Torpp, og han har nok eit meir sakleg og avslappa forhold til dette bruprosjektet. Det er såleis all grunn til å venta eit plandokument der alle relevante sider er tekne med, og der trafikkprognosane ikkje blir skrivne langt over pålydande. Dette dokumentet er det i siste instans Stortinget som skal ta stilling til. Utfallet er det vanskeleg å spå om i dag. Men Lussand har betre grunn til å snakka om von i hangande snøre enn på lenge.

Hardangerbrua var Hordaland fylkestings fremste prosjekt. Det var slik fylkesordførar Magnar Lussand ville ha det i 1993. Men han hadde nyss fått seg ein ny undersått, ein politikar forkledd som fylkesrådmann. Han heitte Harry Herstad, og var tidlegare styreleiar i Sunnhordland bru— og tunnelselskap. Han ville det annleis. Herstad var i første rekkje i allianse med Høgres Øyvind Halleraker, som også var ekstremt veg- og tunnelorientert, og som ville ha realisert Trekantsambandet før Hardangerbrua.

Opseth og stamvegen

Då måtte dei få til det kunststykket å flytta Trekantsambandet opp på sida av Hardangerbrua. Fylkespolitikarane skulle bli med på eit lite kunstgrep, og offisielt heitte det at dei to prosjekta skulle realiserast parallelt. I dette spelet var det viktig med ein fylkesrådmann som kunne leggja føringar.

Herstad og Halleraker (H&H) visste kor svakt Hardangerbrua stod, både økonomisk og politisk. Dei visste også at samferdsleminister Kjell Opseth ville halda Hardangerbrua på ei armlengds avstand, så ho ikkje skulle gjera skade for hans eige storprosjekt: Lærdalstunnelen og stamveg gjennom Sogn. Dersom fylkespolitikarane prioriterte Hardangerbrua og Trekantsambandet jamsides kvarandre, så ville det vera å leggja saka opp i hendene til Kjell Opseth. Der meinte H&H at ho låg trygt.

Alliansen mellom ein aldri kvilande fylkesrådmann og ein framståande høgremann var uslåeleg. På Voss godtok fylkestinget ei slik jamstelling av prosjekta, og dermed var mykje gjort.

Politikarar utan magemål

I Stortinget visste dei ikkje heilt om dei skulle ta fylkespolitikarane i Hordaland heilt alvorleg. Samferdslekomiteens leiar, Magnus Stangeland, meinte fylkespolitikarane for uklokt fram, og nestleiar Inge Myrvoll meinte fylkespolitikarane i Hordaland ikkje hadde magemål.

I praksis vart det slik at Stortinget var samd i dette, og overlet deretter til samferdsleminister Kjell Opseth å velja prosjekt. Han sa ja til Trekantsambandet og sa nei til Hardangerbrua. Det slutta Stortinget seg seinare til. H&H hadde vunne, Magnar Lussand og Hardanger hadde tapt.

Kva sjansar finst så for at Magnar Lussand får sin triumf til slutt? Han meiner Hardangerbrua er eit godt prosjekt for indre Hardanger, og eit godt samband aust-vest. Det kan, trur Lussand, vera det som skal til for å gje eit etterlengta løft til denne regionen. At regionen treng eit løft, er det få som protesterer på.

Stort offentleg engasjement

Han har også gode poeng når han legg på bordet eit stort offentleg engasjement i form av konsesjonspengar, som gjer at det statlege bidraget ikkje treng bli så tyngjande.

Men ikkje alle er like entusiastiske. Det finst både motstand og likesæle, og mange vil heller bruka konsesjonspengane til rassikring. I Odda tek dei heller Folgefonntunnelen når dei skal til Bergen.

Trafikktala for sambandet Brimnes–Bruravik er ikkje overveldande, og kan bli endå mindre dersom stamvegen om Sogn blir tilstrekkeleg opprusta. Turistane, som det finst flust av i Hardanger sommarstid, tek like gjerne ferja. På Hardangervidda er det villreinen som er problemet, og Direktoratet for naturforvaltning vil avslutta vinterbrøytinga. Og det var omsynet til Vidda regjeringa Harlem Brundtland brukte som grunn for å seia nei i 1996.

Men, tenkjer nok Magnar Lussand, verda kan sjå annleis ut i 2004.