— Hadde vi ikkje fått fylkestinget med på å jamstella Hardangerbrua med Trekantsambandet, hadde ikkje det sistnemnde prosjektet stått ferdig i dag, seier Harry Herstad til Bergens Tidende.

Det var på Fleischers Hotel på Voss det avgjerande vendepunktet skjedde for dei to gigantprosjekta i Hordaland. 20. og 21. april 1993 hadde fylkestinget sete, og her la fylkesrådmann Harry Herstad - tidlegare styreleiar i Sunnhordland bru- og tunnelselskap - føringar for politikarane som dei kanskje ikkje såg rekkjevidda av.

Vorspielet til det over 1,8 milliardar kroner dyre vegkalaset i Sunnhordland er attgitt i den nye boka om Trekanstambandet, «Under fjord - over flu» som bru- og tunnelselskapet gir ut. Boka er redigert av fylkeskommunens informasjonskonsulent Stanley Hauge og ført i pennen av i første rekkje journalist Kristine Sele på Bømlo, og blir lansert av Eide Forlag i desse dagar.

Harry, Øyvind og Kjell

Når Harry Herstad greidde å få fylkestinget med på å avvisa eit krav frå Oslo om å prioritera mellom Hardangerbrua og Trekantsambandet, var det i vissa om at samferdsleminister Kjell Opseth på førehand var bearbeidd dyktig av sterke talsmenn frå Sunnhordland. Ikkje minst Øyvind Halleraker, leiar i Sunnhordland bru- og tunnelselskap og seinare fylkesvaraordførar, hadde fått Opseth til å sjå meir velvillig på trekanten enn på Hardangerbrua.

Det høyrer med til historia at dåverande fylkesordførar, hardangerbrutilhengjar Magnar Lussand, reiste heim til Granvin mellom dei to fylkestingseta på Voss i april 1993. Om kvelden 20. april, medan Lussand var borte, blei førearbeidet gjort for å ta opp att saka om prosjektprioritering. Herstad var sekretær i redaksjonskomitéen.

Inntil då hadde ei prioritering av Hardangerbrua på førsteplass vore gjeldande. Men etter taktisk alliansebygging av trioen Herstad, Halleraker og Opseth, gravla statsminister Gro Harlem Brundtland i oktober 1995 håpet om ei Hardangerbru i det 20. hundreåret.

Det var fritt fram for Trekantsambandet, som Stortinget vedtok endeleg i juni 1996. Rett nok etter forsering av nok ei vanskeleg hindring; naturattraksjonane på Digernes på Stord.

15 år i strid

Boka om Trekantsambandet tek føre seg historia om vegprosjektet mellom Stord, Bømlo og Sveio frå Sunnhordland bru- og tunnelselskap blei skipa i 1986 og fram til Kong Harald opna fastlandssambandet 30.april i år.

— Ei litt annleis veganleggsbok av di ho går ut over sjølve anlegget. Boka inneheld også mykje lokalhistorie, seier Stanley Hauge. Oppdragsgjevarane Øyvind Halleraker og Harry Herstad ser stolte på det dei har fått til; eit lokalt vegsamband som også er eit stamvegsamband. Og som ifølgje Herstad også fortener Vakre vegars pris. Boka har eigne kapittel om bru- og tunnelteknikken som er nytta, om dei arkeologiske utgravingane i traséen, om motstanden mot gigantanlegget, og altså om striden for å få det realisert. Den første kampen bru- og tunnelselskapet måtte føra, var å vri Hordaland vegkontor og Stord kommune sitt fokus bort frå flytebruplanen i Stokksundet.

SISTE STIKK: Øyvind Halleraker til v. og Harry Herstad vann det taktiske spelet om samferdsleprosjekta i Hordaland. Derfor er Trekantsambandet realisert, Hardangerbrua ikkje. Til høgre forfattarar i boka om Trekantsambandet, Kristine Sele og Stanley Hauge.
FOTO: OVE A. OLDERKJÆR