Rigtignok har Transportbedriftenes Landsforening Hordaland (TL) rasla med sablane. I samband med underdekning av kompensasjon for dieselavgifta, har TL i eit brev av 12.09., varsla at dei ser seg «tvunget til å øke takstene allerede i oktober måned d.å.».

Eit slikt utsegn tek sjølvsagt fylkespolitikarane alvorleg. Difor er det òg teke initiativ til å få retta opp skeivfordelinga. Fylkesutvalet gjorde allereie 30.08. eit samrøystes vedtak om at ein ikkje kunne godta den fordelinga av kompensasjonen som Samferdsledepartementet var komme fram til. Då det òg var reist tvil om rapporteringstala, gjorde også fylkesutvalet vedtak om at det innsendte grunnlagsmaterialet for Hordaland skulle kvalitetsikrast på nytt og at fylkesordføraren blei pålagd å fylgja saka opp overfor samferdsleministaren. Og endeleg; fylkesutvalet ba samstundes om å få vurdert korvidt ruteselskapa kan få ei forskottering av mindreinntektene for dieselavgiftskompensasjonen for 2000, slik at selskapa slepp å vurdere rutekutt eller andre negative verknader for kollektivnæringa.

Eg kan ut frå dette ikkje sjå anna enn at fylkespolitikarane aktivt arbeider for å motverka den prisauken frå oktober månad som Bergens Tidende på leiarplass seier at dei vil setja opp. Eg trur at eg òg kan forsikra om at alle parti i fylkestinget, vil slå ring om at det ikkje vert nokon takstauke i haust eller frå 1. januar 2002. Det må òg tilførast at fylkesordføraren tysdag 25. d.m. skal ha møte med samferdsleminister Terje Mo-Gustavsen om saka.

Av Arne Jakobsen (Ap), nestleiar komité for miljø og samferdlse