OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noØlenSorenskrivaren i Sunnhordland gjer no dei siste førebuingane for å få selt den tidlegare danskeferja, som dei norsk-amerikanske eigarane har måtta gje opp. Westcon AS kan dermed sjå fram til å få tilbake 12,5 millionar kroner. Det er beløpet verftet har lagt ut på skipet, som klappa til kai i Ølensvåg 21. juli 1996.Det 8650 bruttotonn store fartøyet ligg i dag til kai ved Vikebygd i Ølen, og er under oppsyn av filippinaren Ramon Russel (32) og katten hans Mai-Mai. Han har rundt 50.000 kroner til gode hos det tidlegare eigarselskapet Emerald Empress Holding. Skipsagenten Arne G. Olsen har til gode knapt 100.000 kroner. Ingen kontakt Westcon fekk i fjor haust rettskraftig valdgiftsdom på at "Mayan Empress" kan seljast på tvangsauksjon. No er kravet formelt forkynt for reiarlaget. Ølen-lensmannens utleggspant er registrert på øygruppa Saint Vincent og Grenadinane, der "Mayan Empress" har heimehamn i Kingstown."Mayan Empress" har i fleire år vore ein gjengangar i rettsprotokollane til Sorenskrivaren i Sunnhordland. Korkje retten, Westcon eller verftets advokatar har kome i kontakt med skipseigarane på mange månader.I 1997 fortalte Kjell Tandberg til Bergens Tidende at reiarlaget Emerald Cruise Lines, som han representerte saman med broren Espen og faren Normann, hadde planar om å setja "Mayan Empress" i cruisetrafikk i Mexicogolfen året etter. Gått under jorda Seinare er Tandberg-familien gått under jorda. Emerald Empress Holding er sist oppført med postadresse i Palmetto i Florida i USA, men post som er sendt dit er komen i retur. Ingen i Tandberg-familien er oppført i Telenor sine telefonregister for USA."Mayan Empress" gjekk før i trafikk over Kattegat og Nordsjøen under namnet "Sir Winston Churchill". Tandberg-familien kjøpte fartøyet brannskadd av danske DFDS i 1996. Båten har kapasitet til 180 personbilar og 840 passasjerar.

Etter snart fem år ved kai i Ølen går MS "Mayan Empress" nå på tvangsauksjon. Ramon Russel kan segla med den juridisk omstridde cruisebåten att. Arkivfoto: Trond Sandvik