Av Marit Eikemo, redaktør for Syn og Segn

Eg veit ikkje sikkert om det stemmer at boksaren skal gjere comeback og at far hans har stemt gitaren igjen, men eg reknar med det. Om det ikkje skjer no, så skjer det om nokre veker. Enkelte ting kan ein berre slå fast utan å dobbeltsjekke: Ole Lukkøye gjer comeback! Hørt det før? Du kan vere sikker på at du kjem til å høyre det igjen.

Det er ikkje det at eg er prinsipielt motstandar av comeback. Folk må gjere som dei vil og gjerne prøve seg til dei stuper. Men når folk går til det steget at dei faktisk bestemmer seg for å kome tilbake , bør dei ikkje då ha vore fråverande ei stund? Ole Lukkøye har, så vidt eg kan hugse, ikkje vore fråverande eit einaste sekund. Han har klort seg fast. Sist vi hørte noko, var det eitt eller anna om eit hemmeleg barn. Eller var det slagsmålet på byen då far hans rykka ut og sa at Lukkøye hadde den største blåveisen i heile Europa? Eg veit ikkje, det går i eitt. Om han boksar eller ikkje, er fullstendig likegyldig.

Det store fallet

Det er noko uverdig over enkelte comeback. Svært mange av dei føreset eit brot, eller eit fall, som gjer det nødvendig å gjere ein innsats for å kome tilbake. Vidar Kleppe, som blei kasta ut av Frp, varsla straks sitt eige comeback. Dette er ein mann som ikkje let seg stanse så lett, tenker ein gjerne når ein høyrer om slik veldig handlekraft like etter eit knusande nederlag. «Vidar Kleppe startar sitt eige parti, han,» tenkte Vidar Kleppe og så danna han Demokratene. Det heile minner om slike situasjonar der ein først seier ein dum ting, og så kan ein ikkje la vere, ein prøver å rette opp att tabben, men i iveren seier ein berre stadig dummare ting — og så blir alt mykje verre.

Går det skikkeleg ille kan Kleppe alltids trøyste seg med Terje Søviknes sine ord: «Betre å bli omtala enn gløymd.» Når avisene varslar at han no vil gjere politisk comeback, er det ikkje til å kome forbi at tankane går om lag slik: «Politisk comeback? Men er han ikkje ordførar i Os då? Å ja, dei meiner riks politisk comeback. Han måtte jo slutte i rikspolitikken fordi han hadde sex med ei sørpe full jente på Frpu sitt landsmøte.»

Det er ikkje mykje blanke ark og fargestiftar over slike assosiasjonar. Det er politisk comeback. Og det er noko heilt anna.

Comeback for mor

Andre gonger kan fråvær skuldast heilt andre ting enn fall og skandalar. Det kan rett og slett dreie seg om lykkelege omstende, som til dømes å få eit barn. No er det ikkje så lenge kvinnene strengt tatt treng å vere heime etter ein fødsel. Men som oftast kan det vere greitt å roe seg litt, få i gang amminga og kanskje arrangere nokre barselbesøk. Seksten dagar etter at skiskyttardronninga Liv Grete Skjelbreid Poiree fekk sitt første barn, kom meldinga på internett: «Vil gjere comeback!», underforstått: No må ho ikkje gløyme idretten! På biletet viser dei lykkelege foreldra fram ei landslagsdrakt i størrelse baby, som dei har fått i gåve frå skiskyttarforbundets generalsekretær. Eg skal ikkje trekkje forhasta slutningar, men det ligg vel ei trøyst i dette, for generalsekretæren: om løpet er køyrd for Liv Grete, er det sikkert håp for dottera til verdas beste skiskyttarpar. Det skulle berre mangle.

Livet er eit comeback

Det finst eit comebackfenomen som stiller i ein eigen klasse. Dette gjeld folk som har hatt stor suksess ein gong i livet. Alt dei gjer etterpå blir karakterisert som eit comeback. Ikkje fordi dei har vore uverksame sidan, men fordi dei har ein målestokk, som alt blir vurdert utifrå. Denne målestokken kan til dømes vere filmen «Saturday night fever». Eg snakkar sjølvsagt om John Travolta og hans stadige comeback. Etter eit visst fråvær, dukka han opp i om lag alt som var av kultfilmar i ein periode. Og for kvar film blei det sagt at han gjorde comeback, ikkje frå den førre filmen, men frå «Saturday night fever» eller «Grease». For ein mann som har spela i så mange filmar som John Travolta, kunne han tatt dette comeback-maset som ei fornærming, men, som han sjølv har sagt: «Det får meg til å verke som ein atlet, Muhammad Ali eller nokon.»

Andre tilbakekomstar kunne vi umogleg føresjå, rett og slett fordi det aldri var snakk om noko suksess frå utgangspunktet. Eg treng vel berre seie Aune Sand, så tenker folk sitt. Sand er mannen bak «Dis», ein av norsk films største kalkunar nokon sinne. Då han dukka opp igjen som bladredaktør i fjor, vart det karakterisert som eit comeback. Frå kva? Frå tidenes verste slakt? Med den målestokken burde det vere ei smal sak å gjere suksess for Aune Sand. Berre ettertida vil vise kor lett det blir å gjere comeback.

Andre folk gjer så ofte comeback at sjølve comebacket blir ein karriereveg, noko å spe på pensjonen med. Musikkprogrammet DaCapo skjønte dette betre enn nokon. Heile programmet blei laga for at folk som Nora Brockstedt skulle gjere comeback, medan Vidar Lønn Arnesen skulle halde seg flytande i pre-comebackfasen endå ei stund.

Frynsegode: Comeback

Comeback er, som det meste vi omgjev oss med, eit medieskapt fenomen. For å gjere eit comeback, må du først ha hatt ein jobb som media syns det er verd å skrive om. Det vil i første omgang seie idrettsfolk, popstjerner, politikar, programleiarar, skodespelarar og slike. Nokre folk gjer aldri comeback likevel kor lenge dei er fråverande. Dette gjeld gjerne kunstnarar eller forfattarar - med mindre dei heiter Åsne Sejerstad, sjølvsagt, og av ein eller annan grunn skulle forsvinne frå media. Mindre medieprofilerte forfattarar og kunstnarar gjer oftast ikkje comeback. Dei er berre litt trege med å skrive ei ny bok eller male eit nytt bilete. Grunnen til det manglande comebackpotensialet er førestillinga om at dei ikkje har ein karriere med stigande kurver og slikt. Dei er berre forfattarar eller kunstnarar. I deira liv finst det inga karrieremessige brot, berre raskt og langsamt tempo, berre gode og dårlege bøker, berre utvikling den eine eller andre vegen. Det same kan ein også seie om heilt vanlege folk i heilt vanlege jobbar. Når ein mann på Teknisk etat i kommunen har vore sjukmeld i eit halvt år, då er det ingen som snakkar om comeback når han kjem tilbake, er det vel?

Han har vore sjuk - og no er han frisk, seier dei. Er ikkje det meir enn bra nok?