ARNE HOFSETHarne.hofseth@bt.no Dermed vart to vogntog lasta med sprit tatt ved Svinesund 5. november 1999. Rettssaka mot dei som er mistenkte for å ha smugla i land ein halv million liter 96% sprit i Ålvik, går no inn i si fjerde veke i Oslo byrett. Samstundes opna Indre Follo herredsrett i Ski i går straffesaka mot dei tiltalte i grossistleddet i distribusjonsnettet for Ålvik-spriten. Nokre av dei møter også som tiltalte i smuglinga over Svinesund som vart oppdaga i Clinton-kontrollen. Politiet meiner at smuglarane elles har hatt god hjelp av ein utru tenar i Tollvesenet. Denne mannen sa seg ikkje skuldig då tiltalen vart lesen opp i går. Ein 36-åring frå Fana var tiltala for Svinesund-smuglinga. Han møtte ikkje i retten, og dommaren kunngjorde at han var sjukmeld og hadde lovleg forfall. Saka vart difor utsett for hans del.— Tiltalen er ikkje fråfallen. Vi er slett ikkje ferdige med denne karen, forsikrar aktor, Gordon Pettersen, overfor Bergens Tidende, lettare oppgitt over tanken på å måtte køyra heile prosessen ein gong til. Indre Follo herredsrett har sett av tida fram til utgangen av juni til denne saka. Bergensaren er tidlegare frifunnen i Agder lagmannsrett i ei anna spritsmuglingsak, etter først å bli dømt i Kristiansand byrett. Politiet meiner at 17 av dei 20 båtlastene med smuglarsprit som vart landa i Ålvik vart køyrt med vogntog til ein båtfabrikk i Østfold. Dei held ein innehavar av ein tippe- og spelebutikk i Oslo som hovedmann på distribusjonssida. Han blånektar for å ha noko som helst kjennskap til spritsmugling.To kompisar av han, som heldt til på båtfabrikken, sit også på tiltalebenken, saman med tollaren og ein kvinneleg vogntogsjåfør som vart tatt med spritlast på Svinesund, og har lagt korta på bordet.