Vilkåret for dette var at lærarane sine lønsforhandlingar ikkje skulle flyttast frå staten og over til kommunane. Dette har no Clemet fullstendig ignorert! Resultatet av dette vil etterkvart bli: Kommunar med god økonomi vil tilby lærarar ein lønsvekst på lik linje med resten av samfunnet, mens kommunar med dårlegare økonomi ikkje vil kunne tilby dette.

Det kan bli lite attraktivt å arbeide i fattige kommunar, og Clemet sitt vedtak vil etter mi meining føre til slutten for ein nasjonal einskapsskule. Vi vil få eit tydeleg skilje mellom dårlege og gode skular (A— og B-skular). Clemet vil sjølvsagt seie at dette ikkje er noko problem! No kan nemleg alle gå inn på heimesida hennar og sjå kor dei gode og dårlege skulane ligg! Dermed er det opp til dei einskilde foreldra å velje den beste skulen (les: kommunen) for borna sine!

Dei fleste av oss ser ulempene med dette! Vi ser at det blir mange skular som ikkje kjem opp mot «glansbilete-skulane» til Clemet! Ønskjer vi slike A- og B-skular? Er folk verkeleg viljuge til å flytte, for at borna deira skal få gå på ein A-skule? Ønskjer vi ei ordning som er med på å skape B-skular?

Når neste stortingsval kjem, håpar eg at foreldre og lærarar ikkje har gløymt dette sviket mot den norske skulen! Til saman utgjer vi ei enorm veljargruppe, og bør kunne finne andre alternativ enn partiet Høgre, som av ein eller annan grunn kallar seg «skulepartiet».

LÆRAR YNGVE ENDAL, BERGEN