7. februar svarar fakultetsdirektør Asbjørn Bjørnset ved Historisk-filosofisk institutt at mine tal i BT er «misvisande og gir eit feilaktig bilde» av situasjonen. Tala kjem frå budsjett for Romansk institutt 2001:

750 til bøker; 3000 til reiser og 55 til representasjon pr. vitskapleg tilsett. Andre (nedslåande) tal kjem frå oversikt rekneskapsførar set opp for meg. Eg betalar han for det. Denne blandinga av jobb— og privatøkonomi er fortærande, for meg, men den er besnærande for fakultetet: Sjå nedanfor.

Alle vitskapeleg tilsette rettleiar ikkje hovudfagsstudentar. Dei får då ikkje rettleiingspengar. Dei legg grunnlag for arbeidet på faget, i innsats for studentar på grunn- og mellomfag, og for UiB. Dei treng bøker og reiser for å sikre nivået for jobben. Andre vil ikkje undervise på grunnfag, for slikt gjev ikkje ekstra pengar. To synsvinklar kjem inn her: ein byråkratisk, som ser skogen og ikkje trea; og ein fagleg, som vil sikre ansvarlege arbeidstilhøve for tilsette og studentar ved faget.

Me kan søkje ei rekkje kjelder om støtte.

Slikt er lotteri: Ingen veit om ein får, kva ein får og når ein får. Planlegging av fagleg aktivitet er umogleg etter tombola-prinsippet i slike byråkratiske opplegg.

Dagsverk og årsverk av viktig tid går vekk til slamring med byråkratiske dører mellom søknadsfristar, utvalg, innstillingar og forkastingar av søknadar. Slikt dreg mykje tid og energi frå dei faglege aktivitetane som er grunnarbeidet ved denne institusjonen. Dette må koste dyrt for UiB!

Fakultetet skriv at årsgjennomsnitt gir 25.000 til reiser og 4000 til bøker til kvar tilsett. Legg då desse pengane direkte til seksjonen! Dette ville gje oss 6 kr 150.000 til reiser, og 24.000 til bøker. Som grunnbudsjett for faget var dette ein start! Seksjonen veit å fordele pengane. Så skriv fakultetet at personalet hadde 770 veker forskingsopphald i utlandet i 1999. 16 veker forskingsopphald i utlandet i 1999 betalte med mine eigne pengar er med i dette talet. Opphalda i utlandet galdt ferdigstilling, trykking og lansering av boka «La ausencia de la forma» i Lima i 1999; dei galdt skriving av boka «Oscar Wilde» som kom i 2000. Av fem lange reiser til utlandet i 1999 betalte eg fire sjølv. Berre ei vart betalt frå anna kjelde.

Fakultetet har ikkje rom i det byråkratiske systemet til å synleggjere eigenandelar og ekstrainnsats frå mange vitskapleg tilsette ved UiB! Men desse vert hensynslaust synt fram i skrytelister. Riksrevisjonen og Arbeidstilsynet må kunne sjå på dette. Vitskapleg tilsette har ikkje betalt overtidsarbeid. Vitskapleg aktivitet har ikkje respekt for arbeidstid.

Fakultet og universitet kunne i det minste takke for innsats og for ekstrainnsats. Helsingar og premiar kan delast ut. Fakultet og universitet fornektar desse eigenandelane, samstundes som dei tek dei med i lister som vert besnærande for institusjonen. Der vert ekstrainnsats og eigenandelar tekne til inntekt for institusjonens fortreffelighet. I tillegg sår fakultetet mistankar og tvil ved omtale av tal som synleggjer elende og som framhevar innsats og kreativitet frå mange studentar og tilsette ved UiB.

Slikt er symptom på grunnleggande mangelsjuke ved Universitetet i Bergen: mangel på gjennomtenkt personalpolitikk.

Av Birger Angvik, Romansk institutt UiB