Gode samarbeidstilhøve har det vore mellom sentrumspartia og Ap (jfr byrådet), men også til Høgre/SV, især i bydelsstyra. At økonomien dei to siste konjunktursvake åra har handlingslamma praktisk tala tre av fire kommunar i dette landet, Bergen inklusiv, har mange årsaker, som både storting/regjering med Høgre-finansminister må ta ein stor del av ansvaret for.

Men så til posisjonar. Ordførarposisjonen har kome i fokus: Kven skal aksle ordførarkjedet i neste periode? KrF har både i Ljones-perioden, og ikkje minst no med Kristian Helland, gjort ein framifrå jobb. Og skulle det politiske vêrlaget halde seg, treng ein så visst inga endring på den posten. Det er berre det at styringskabalen i Bergen, med eit valresultat som krev å ta omsyn til eitt eller fleire sentrumsparti, har minst fire utgangar:

1: Dersom Ap, Sp og KrF skulle få tilslutning til å kunne halde fram, vil det vere heilt OK med status quo. Skulle KrF vurdere eit politisk grep, var det å drøfte finansbyrådsposten. At Ap skal ha både byrådsleiarposten og det nest tyngste, finans, bør KrF kunne ta opp til drøfting.

2: Alt for tre år sidan reiste underteikna spørsmålet om ikkje KrF burde arbeide for eit breiast mogeleg «sentrums»-alternativ (med fleirtalet i bystyret bak seg). t.d. beståande av Ap, KrF og Høgre. Dette har partiet no gått høgt på banen med, tilsynelatande utan napp. Ap og Høgre er ikkje klassisk einerådande på aksen. Båe har parti utanfor seg, og bør bøye seg mot kvarandre. I ein slik konstellasjon må ein fordele dei tre tyngste verva seg imellom: byrådsleiar, finansbyråd og ordførar.

3: Dersom venstresida samlar seg, med støtte frå sentrum, kan det bli ei ny utfordring for KrF. Her må ei grundig politisk vurdering gjerast i partiet før ein eventuelt må gjere ein «venstre-vri». Partiet vil nok i ein slik situasjon stå seg ved å halde seg utanfor, vel vitande at t.d. ordførarjobben kan stå i fare.

4: Dersom høgresida samlar seg, med støtte ifrå sentrum, vil situasjonen kunne bli som under 3. alternativ. Men vil KrF kunne «binde» seg til Frp? Eller vil Frp, som Høgre i si tid sa det, velje KrF sitt program for å kome i posisjon? Likevel så må dei politiske resultata vege tyngst for KrF.

Det spenstigaste vil for KrF vere, under føresetnad av eit godt valresultat, å gjere det som KrF har gjort på landsplanet: Få byrådsleiarposisjonen saman med det/dei partiet/a i bystyret som kan legge ei politisk plattform dei kan semjast om. Og for å ha sagt det: Vi har ein ordførar som også kan leie eit byråd! Så gi KrF støtte og styrke til å ta politisk ansvar uansett posisjon!

Harald Myklebust, KrF bystyrelistekandidat