Av Harald Myklebust, KrF-representant i Åsane bydelsstyre

Så går opposisjonspartia høgt på banen og møter «motspelarar» som eigentleg er for dei same sakene. Og kva skjer så: I påvente av at opposisjonen kjem med si saldering, kjem byrådsleiaren med sine suverene (!?) utspel: Nytt grep (som vi ikkje kjenner til) for å unngå kutt (?), og oppseiing av byrådar, noko som har god signaleffekt, men kan gi ettertankar.

Eg er ikkje med dette ute etter å stille spørsmål ved den enormt vanskelege budsjettsituasjonen som byrådet har prøvt å handtere på ein så skånsam måte som råd er. Sakleg sett er det svært gledeleg at ein har funne «friske pengar» som lettar på smertepunkta, men på kva måte kjem dette fram? Her har vi andre prøvt å forklare/forsvare det som er lagt fram, og så viser det seg at det var unødvendig fordi ein har funne ei anna løysing.

Eg vågar meg å stille spørsmålet: Var/er byrådsreforma — byparlamentarismen - berre eit utslag av stormannsgalskap? Ser vi ikkje på nytt at vårt politiske miljø ikkje er stort/godt nok til å ta i bruk ei slik reform?

Skal reforma ha noko for seg i eit lite miljø som vårt, bør det i alle høve vere med eit avklara parlamentarisk fleirtalsgrunnlag i bystyret. Og korleis få det til når mange i Ap og H lever i «fordums dager» som to hovudberande parti - som helst ikkje skal tåle kvarandre - på kvar si side? «Sentrumspartia» Ap, Sp, KrF, V og H i Bergen må gå saman for ei plattform som kan få fleirtal ved neste val. Men då må alle desse partia sette nokre «kjepphestar» på stall.

Gjer vi ikkje dette, så kan følgjande bli det neste: Eit byråd frå eit bystyrefleirtal med ein politikk for konkurranseutsetjing av offentleg sektor, mindre kultur og sosial velferd, «fritt fram» for alkoholen, einskild-individets tarv på fellesskapets kostnad og med ein inflasjonsskapande økonomi. Vil Ap ta sjansen på eit slikt utfall?

Eller vi får eit bystyrefleirtal/byråd som vil halde på ein omfangsrik offentleg sektor, med antihaldningar til privat engasjement i skule, helse og sosialt arbeid og organisasjonsliv, solidaritet framfor individets tarv, svekka kristendomsposisjon i skule og samfunn, nei til kontantstøtte og skatte- og stimuleringstiltak for det private næringslivet. Vil H ta risikoen for ei slikt utfall?

H og Ap vert i desse dagar pressa både frå høgresida og venstresida, og H kan lute seg utover til Frp, og Ap utover til SV/RV. Samstundes ber det klassiske sentrum om samarbeid. Kvar vil de gå og det no? Det kan vere for seint å gjere det etter valet !