På spelplassen — tiurleiken - la Høgre an på dei mest utrulege røyene for å sikre seg eit fleirtal i bystyret, og dermed gi byrådet eit realt nederlag!

At ytste høgre (Frp) ikkje har vanskar med å flørte med RV og SV i nær sagt alle saker, berre det kan vere eit spark til «dei ansvarlege», er ikkje noko nytt. Høgre har i bystyret gjort ein allianse med det ytste venstre. Dette vil få alvorlege økonomiske konsekvensar for ei bykasse som alt er «botnskrapa». (Som om ikkje det var nok, vedtok bystyret i same møte å melde tilbake til bydelsstyra at fjorårsunderskota på 25 mill. kroner må ein dekke inn gjennom året sine driftsrekneskap).

Kvifor stilte ikkje byrådet kabinettsspørsmål på saka? Som bydelsstyre-representant for eit av posisjonspartia til byrådet, er det vi ute i bydelane som må bere desse ekstrakostnadene. Når opposisjonen i bystyret (med m.a. Høgre) ikkje vil samarbeide, men berre herse (!) med dei som prøver å ta ansvar for Bergen by, så må her vere ei tolegrense.

I denne konkrete barnehagesaka kan ein ha ei forståing av at Høgre reagerer på KrF sin «strategiendring». For det må ikkje vere tvil om at KrF vil ha ein god, tenleg og aktiv barnehagepolitikk, gjerne med eit ekstra varmt hjarta for private barnehagar. Korttidsminne er ekstra kort i politikken (spes. Høgre?): Då fire sjølvstendige parti (Ap, Sp, V og KrF) sa JA til å gå med i ei byregjering, måtte ein forhandle - gi og ta - fram ei politisk plattform. I desse forhandlingane var ikkje Høgre med, til partiet si fortviling, som gjerne ville ha KrF med i «sitt» byråd, koste kva det ville: Byrådet skulle legge KrF sitt program til grunn for inneverande periode!!!

Var/er ikkje bergenspolitikarane «mogne» for byparlamentarisme? Viser ikkje dette vedtaket at vi ikkje har «nytte/glede» av denne såkalla reforma? Med formannskapsprinsippet så ville ikkje eit slikt vedtak vere noko problem, då måtte alle parti - også opposisjonen - dele på ansvaret for økonomien, og ikkje som no: Byrådet - med sitt mindretal i bystyret og sine «lutfattige» undersåttar (som på nytt må ta støyten) rundt om i bydelsstyra som pent og pynteleg må legge om sine prioriteringar og budsjett, fordi fleirtalet i bystyret «slepp» å gjere det. Kva slags stabilitet, førutsjånad og langsiktig perspektiv skaper dette?

Var det ikkje Høgre sin kongstanke at Bergen by skulle styrast etter parla-mentarismens idear? Har ikkje Høgre her skote seg sjølv i foten? Kva slags byparlamentarisk plattform - og politisk regjeringserklæring vil Høgre kunne legge fram på vegne av RV, SV, P, Frp - og seg sjølv? Aldri vil dei fem partia kunne makte å gjere det. Må ein vere blind for å kunne sjå det meiningslause i ein slik allianse? Men då må ein ikkje leike seg i og med ei «meiningsløyse». (I naturens vårslepp tek ein ansvarleg tiur konsekvensane av sine handlingar i leiken).

Mindretalet (les: byrådet) - tek altså «børa» på seg, og takk eigentleg for at det gjer det. Så slepp landets nest største by å bli kasta ut att i politisk kaos... Men ikkje så galt at det ikkje er godt for noko: Nå har dei private barnehagane, enten dei er kristne, humanetiske eller livsyns-nøytrale, med eller utan pengesterke interesser bak seg, fått gode støttespelarar i RV og SV. Underets tid er ikkje forbi. (Men det har eg som KrF-politikar aldri tvilt på!) Det neste blir vel at privatskulane går betre tider i møte, ja, kanskje vil vi få gjennomslag for konkurranseutsetjing, der Høgre kurtiserer med RV og SV!!!