TERJE ULVEDAL

Fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane går inn for å bruke pengar på salet av aksjar i Sogn og Fjordane Energiverk til å byggje to fylkesveganlegg.

Vegar og bruer til 167,8 millionar kroner skal gjere det mogleg å køyre bil mellom øyane Værlandet og Bulandet i Askvoll. Med byggjestart før sommarferien, kan vegsambandet stå ferdig i 2004.

Kronborg-Vie skal gje ny veg til sentralsjukehuset og lette trafikkavviklinga gjennom Førde sentrum. Fylkesvegen i Førde skal ta to år å byggje.

Det er pengar frå sal av 40 prosent av aksjane i det fylkeseigde Sogn og Fjordane Energiverk som skal brukast på dei to vegsambanda. Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK) er kjøpar og salet gjer at fylkeskommunen får tilført 426 millionar kroner netto.

I tillegg til vegbygginga er meininga å nytte kring 100 millionar kroner i dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Førebels er det ikkje klart kva resten av pengane skal brukast til.

Tilrådinga frå fylkesadministrasjonen er i tråd med signal gitt av politikarane, og går truleg gjennom dei politiske organ som skal ha saka føre.