debatt Oddvar Skre, Fana

Ifølgje BT 23. januar betaler passasjerar som reiser med Oslo Sporveier berre 70 prosent av det billetten kostar, medan passasjerar som reiser med Gaia Trafikk betaler 94 prosent. Samanhengen er klar, når ein verken sparar tid eller penger ved å ta buss, vil alle som kan, bruka bil for å koma seg på arbeid eller til næraste butikk eller kjøpesenter. Bergen ligg i dag på jumboplass i landet når det gjeld kollektivandel av arbeidsreiser med berre ti prosent. I tillegg er Gaia komen inn i ein ond sirkel. Dårleg økonomi fører til færre ruter, som igjen fører til endå færre passasjerar.I mange år har bystyret diskutert om dei skal satsa på buss eller bybane, og gjorde i fjor endeleg vedtak om bybane — mot høgresida sine stemmer. For å koma i gang med dette, trengs statsstøtte, og samferdselskomiteen skal om få dagar ta stilling til om bybanen i Bergen skal koma med på neste Nasjonal Transportplan, noko Bergen kommune har jobba for i lengre tid.Men det finst alltid nokon som ikkje tåler at utbygging av kollektivtrafikk blir prioritert framfor meir vegbygging. Ein av desse er Arne Kristian Knudsen, som i to innlegg i BT (12. og 29. januar) hissar seg voldsomt opp over at Natur og Ungdom har sett kampen for at bybane skal koma på plass før det skjer vidare motorvegutbygging i Fana, øvst på si sakliste. Han kallar dei ei samfunnsbremse og skuldar dei for å "stikke kjepper i hjulene" for utbygginga av Ringvei Vest. Men det er faktisk Knudsen og hans meiningsfeller i Høgre og Frp som har stukke kjeppar i hjula, nemleg ved systematisk å motarbeida og så tvil om utbygginga av kollektivtransporten. Det er deira skuld at denne utbygginga er blitt forseinka, og truleg også vil bli langt dyrare enn om ein hadde bestemt seg tidlegare. Det er deira skuld at all gjennomgangstrafikk blir ført inn til Bergen sentrum og kjempekrysset på Nygårdstangen, og at grunnlaget for lokalbanen til Arna fell bort ved bygginga av ein vegtunnel gjennom Ulriken. NU fortener derimot ros og støtte fordi dei vil kjempa for eit framtidsretta transportsystem i Bergen, som i tillegg kan vera med og hjelpa oss til å oppfylla klimamålsettingane. Det ville vera tragisk om desse motkreftene skulle få hindra at Bergen fekk den støtta til utbygginga av bybanen som byen så sårt treng.