Styret for konkursbuet til Odda Smelteverk set vilkår for utleige av «teaterlokalet» og kommunen likar dårleg å bli pressa. Floken må løysast før årsskiftet.

Lindehuset

Odda-premieren for Bikubesong er planlagt til 1. mai, med framsyningar i Lindehuset inne på Smelteverksområdet i Odda sentrum. Den vakre teglsteinsbygningen ligg like innanfor porten. Den store Murboligen, «bikuba» der Grytten har henta persongalleriet til suksessromanen sin, ligg ikkje så langt utanfor.

Etter konkursen i Odda Smelteverk er det bustyret si oppgåve å skaffa mest mogeleg pengar til kreditorane. Einaste måten å skaffa pengar på, er å selja eigedomar inne på området. Men nettopp for å unngå at Smelteverksområdet vert selt bit for bit, og nytta planlaust til ulike føremål, har Odda kommune lagt ned mellombels bygge— og delingsforbod. Det gjeld til neste haust, medan konkursbuet vil selja snarast, og få avslutta jobben.

Tungt løft

— Det vi ber om, er dispensasjon frå forbodet slik at deler av eigedomen kan lysast til sals. Slik situasjonen er i dag, får vi ikkje ein gong prøvt kva marknaden er villig til å betala, seier bustyraren, advokat Steinar Andersen, til Bergens Tidende.

Etter hans syn må det vera i kommunen si interesse å gå inn på ein avtale der kommunen sikrar seg dei delane av området som dei prioriterer, og kan finansiera. Så får bustyret dispensasjon frå delingsforbodet, deler frå, og kan selja resten av Smelteverkstomta til høgstbydande. Andersen har forstått at kommunen vanskeleg kan skaffa pengar til å kjøpa heile området, for så å selja ut att når reguleringsplanen er ferdig.

Risikabelt

— Og dette går ut over ei teaterframsyning?

— Nei, det viktigaste i den samanhengen, er at det er lenge til 1. mai. Ei framsyning om ei veke eller to kunne eg lett ha sagt ja til. Men å lova bort Lindehuset i mai neste år, torer eg ikkje. Til den tid burde eg ha selt det!

— Men det får du neppe lov til, nettopp fordi kommunen har lagt ned forbod?

— Ja, så sant det ikkje let seg ordna med ein dispensasjon. Eg trur at det kan bli ei avklaring før jul, og har forstått det slik at det er ein svarfrist teaterfolket kan leva med.

Ordførar Toralv Mikkelsen seier til Bergens Tidende at han er skeptisk til å gje dispensasjonar. Blir det først gitt ein, kjem det fort krav om fleire. Men siste ord er ikkje sagt i saka.