Av Idar Mo,

Sogndal

Påstanden om at ekspressbussane køyrer usubsidiert er sterkt misvisande.

Busselskapa betalar heller ikkje sin eigen køyreveg slik som jernbana må.

Selskapa som står bak ekspressbussane er subsidierte og får i tillegg refundert dieselavgifta også for langdistansebussane.

Med ein slik debatteknikk og ein slik databruk har kanskje Jørn Ruud sikra seg ein plass i arbeidet med revisjon av neste utgåve av Nasjonal transportplan der Jernbaneverket frå før sit i førarsetet når det gjeld utforming av den nasjonale transportfilosofien.

Totalt kostar jernbana i Noreg vel 9 mrd kr pr år og inntektene frå person og godstransport er vel 3 mrd kr, slik staten sine tilskot i alle former vert 6 mrd kr for å få utført 2,5 mrd personkm og vel 2 mrd tonnkm pr år. I gjennomsnitt kostar ein tonnkm og ein personkm knapt 2 kr. På tilsvarande transport kostar ekspressbussar 55 øre pr personkm, lastebiltransport 80 øre pr tonnkm og sjøtransport frå 5-30 øre pr tonnkm.

Jernbaneverket får 4,5 mrd kr frå staten til banen kvart år og NSB gods betalar 60 mill kr for å bruke den og det er rett betaling sidan persontransporten er prioritert. Då er det i orden at godset berre dekkjer marginalkostnad. Persontransporten betalar ingenting, men reell vegkostnad er 4,5 mrd kr pr år eller nesten 2 kr pr personkm eller nesten 90 kr pr reise. Det må og gjerast merksam på at 40 prosent av banenettet går på diesel og at NSB ikkje betalar dieselavgift.

Bilar og lastebilar betalar årleg 40 mrd kr i særavgifter og stat, fylke og kommune brukar årleg 16 mrd kr til bygging og vedlikehald av vegnett og tilskot til ferjedrift. Vegane er altså brukarbetalte fleire gonger og difor er det rett at bussane kan køyre til marginalkostnad der, dvs for berre 1 kr pr voknkm noko som utgjer 300 mill kr på årsbasis. Denne kostnaden utgjer 1 kr pr reise eller knapt 7 øre pr personkm. NSB betalar til samanlikning knapt 3 øre pr tonnkm for bruk av bana, og skulle ha betalt nesten 200 øre pr personkm, men betalar ingenting. Berre banekostnadene ved jernbanedrift er såleis meir enn 3 gonger så høge som samla kostnader ved ekspressbussdrift. Løvik (H) har grunn til å vere skeptisk.

Rutebilselskapa burde ha betalt 300 mill kr for vegbruk gjennom dieselavgifta, men betalar berre for ekspressbussdrifta sin vegbruk. Selskapa får refundert berre halvdelen av dieselavgifta som går til ekspressbussdrifta, men etter mine utrekningar så dekkjer den betalte halvparten om lag det ekspressbussane skal betale for sin vegbruk, rekna marginalt, slik NSB gjer for godset. Opplysning om dette finn Jørn Ruud i revidert statsbudsjett mellom anna.

Dersom staten sine 6 mrd kr i tilskot til jernbana hadde gått til eit landsomfattande ekspressbussnett så hadde heile landet hatt eit høgfrekvent gratis kollektivnett med 6 gonger NSB sin produksjonskapasitet og ein langt meir miljøvenleg kollektivtransport fordi ekspressbussen er vesentleg meir energieffektiv enn toget. Sjølvsagt står det noko heilt anna i Nasjonal transportplan der statsetatane har fått lov til å utfolde seg fritt. Dei vernar om sitt.