Det fredsrørsla gjer er å leggja press både på USA — hands off! og på FN - folka ser deg! og på Hussein - leave the building! og på eigne styresmakter, samstundes som dei tar del i den opplyste verdsopinionen som reiser seg i demokratisk protest og medansvar for heile regionen. At denne krigsmotstand fører til krig, ved å svekka presset på Saddam Hussein, er i beste meining tull og tøys. Det er eit teikn på stor, ja, alarmerande slitasje i Bondeviks mannskap at det forfell til eit lågmål av intellektuell argumentasjon med etisk underskot.

Men det er meir:

Det hastar med å leggja Bondeviks mobbing av fredsrørsla flat. Den slags lettvint, taktikkeri-logikk høyrer ingen stad heime i debatt og argumentasjon i eit røynd demokrati, for den type lydnad og tøyming av tanke og meiningsytring som er innebygd i denne kortslutninga, høyrer heime i land me ikkje likar å samanlikna oss med.

Er det Bush eller Saddam-effekten som slår inn?

KARIN MOE, KVITESEID