Nyleg kom meldinga frå Sosialdepartementet at om dei rettar seg etter kritikken frå Riksrevisjonen.

Rikstrygdverket forvalter 191 millionar kroner. For å hjelpe seg i kontrollen, har trygdedirektøren oppretta ein eigen internrevisjon som skal sjå til at reglar og rutinar for utbetaling og honorering blir etterlevd.

Riksrevisjonen oppdaga at økonomidirektøren, som inngår i lineorganisasjonen i trygdeetaten, var sett til å leie internrevisjonen. Riksrevisjonen har påpeika at forholdet var i strid med økonomireglementet i staten. Det bryt og med reglementet for Trygdedirektørens internrevisjon, som slår fast at revisjonen skal leiast av ein revisjonsdirektør.

Trygdedirektør Arild Sundberg svara ikkje Riksrevisjonen innan fristen 30. juni. 29. juli svara i staden Sosialdepartementet som sa seg samd i at «dette er en klart uheldig organisering». Onsdag fekk Riksrevisjonen melding om at økonomidirektøren ikkje lenger leier internrevisjonen.

Riksrevisjonen slår også ned på fleire andre forhold etter gransking av Trygdeetaten sitt rekneskap for 2002.

n Rikstrygdeverket har finansiert delar av større innkjøp av IT-utstyr ved hjelp av to lån på tilsaman 20 millionar kroner frå leverandøren av utstyret.

n Riksrevisjonen har tidlegare påtala mangelfulle kontrollrutinar når det gjeld løyvingane til sjuketransport, mellom anna med drosje. 1,5 milliardar kroner gjekk til dette føremålet i fjor. Framleis lir over 70 prosent av utbetalingane til drosjetransport som er kontrollert, av mangelfull dokumentasjon.

  • I 2002 vart det løyvd 3,4 milliardar kroner til refusjon av oppgjer til poliklinikkar ved statlege sjukehus. Rikrevisjonen har avdekka omfattande svikt og manglar ved systemkontrollen.
  • Rikstrygdeverket har fleire gongar forlenga ein kontrakt om levering av sjukmeldingsblankettar, utan anbod.
  • Rikstrygdeverket har somla med betaling av fakturar. Det kostar fleire millionar i forseinkingsrente.