I nær framtid blir det berre innan politikken Bømlo, Fitjar, Stord og Sveio får skilja seg mest frå kvarandre som kommunar. Alt anna, frå barnevernsaker til arealplanlegging, skjer snart på tvers av kommunegrensene.

Viljeserklæringa frå 2001 er alt blitt meir enn tomme ord for dei fire kommunane med 35.000 innbyggjarar som blei knytte tettare saman med Trekantsambandet som opna i forfjor.

Eit felles barnevernskontor blei etablert i vinter. Eit felles jordbrukskontor er under førebuing, likeeins felles overformynderi, økonomistyringssystem, breibandtilknyting, felles brann— og ulukkesberedskap, materialinnkjøp, felles vaktordning for tekniske tenester og kriminalitetsførebyggjande tiltak.

- Ingen skjult agenda

— Det er klart at når samfunn og samferdsle endrar seg så mykje som her, ligg det til rette for nye samarbeidsformer. Og Sunnhordland er komen langt, sa landbruksminister Lars Sponheim (V) etter å ha fått innsyn i dei interkommunale nyvinningane i Ytre Sunnhordland i går.

— Det er openlyst at sjølv små kommunar kan ha stordriftsfordeler gjennom samarbeid. Og regjeringa har ingen skjult agenda som kommunesamanslåing. Målet er rasjonelt samarbeid samstundes som det er rom for lokalpolitikken i kvar kommune, seier Sponheim til Bergens Tidende.

— Om vi ikkje enno har dei store økonomiske innsparingane, ser vi fordelen ved å få betre fagmiljø og hindra veksten i tyngre og kostnadsdrivande saker, sa prosjektleiar for Ytre Sunnhordland-samarbeidet, Bømlo-rådmann Sverre Olav Svarstad under samlinga i Moster Amfi i går.

Sponheim-modellen

Landbruksministeren har sagt at kommunane skal få delegert fleire oppgåver frå staten, blant anna innan konsesjonstildeling. Fitjars skogbrukssjef Ove Gjerde har difor døypt planen om det felles landbruks- og miljøkontoret for Ytre Sunnhordland som Sponheim-modellen.

Gjerde og andre kommunerepresentantar lurte i går blant anna på om det følgde pengar med reformane. Sponheim kunne deretter opplysa at den nye fordelingsnøkkelen for rammetilskot, basert på jordbruksareal og driftseiningar, vil gje Stord, Bømlo, Fitjar og Sveio i alt 960.000 ekstra kroner innan hans fagområde neste år. Og det utan at midlane var meint som ris bak speglet for endå tettare samarbeid.

VELSIGNA SAMARBEID: Landbruksminister Lars Sponheim(t.h.) applauderte i går det tette tenestesamarbeidet mellom kommunane i Ytre Sunnhordland. Her saman med Stords utviklingssjef Tore M. Bjelland i utstillinga «Frå heidendom til kristendom» i Moster Amfi.<p/> FOTO: OVE A. OLDERKJÆR