Det var lenge siden sist, difor skulde det verta heile 12 programkveldar. Det var eit vågsamt tilbod til kultur— og musikkglade.

Og me var nok mange som var ottefulle. For tevling med dei 50 år gamle Festspillene i Bergen um publikum er ingen spøk.

Men folkemusikkens Venner hadde gjort kloke val. Dei lagde programmet til Bryggen, og dei kalla tiltaket Bryggenspelet. Det er eit namn som dei må registrera, so ingen andre kan taka det ifrå dei. Bryggen er det gamle sentrum i Bergen. Og so baug programmet med spel og kveding på toppkvalitet. Landskjende namn var med sume eldre og mildaldra, men og mange ungdomar som dyrkar verdfyll arv. Planleggjarane i Folkemusikkens Venner hadde gjort kloke fyrebuingar. Dei visste kva dei gjorde, dei visste og at dei tok stor vågnad.

Men folk kom til konsertane. Bryggenspelet vart ei storhending i Festspeltidi. Det vart rike møte med gamal og god veldyrka kunst. Eg skal verda meg for å nemna nmn på spelemenn og kvedadar. Men eg vil, visa til dei sterke lovord som kritikarar som Espen Selvik og Per-Jon Odeen bruka i vurderingar i BT. Dette var topp-kvalitet, dette kunde ikkje gjerast betre. Og når byrådsleidar no etterpå slær frampå um at desse folkemusikkprogrammi heller bør koma i tillegg til Festspeltidi, so er svaret frå Folkemusikkens Venner: Nei, for det me byd fram er Festspel og ikkje etterslep.

I ein pause i eit av programmi, slo han fast. Det burde ha kome mange fleire enn dei 80 som er her, sahan. Då hadde man høyrt Leif Rygg, Knut Hamre og Håkon Høgemo i eit samspel som lydde som det kom ifrå ei hardingfela, Ikkje ifrå tri. So samspela var desse meistrane, so godt kunde dei slåttana ifrå Myllarguten, Sjur Helgeland, Ola Mossafin., Per Berge, Anders Kjerland og Lars Skjervheim. At dei tri ogso hadde gjeve oss fine solonummer var og med i vurderingi.

Eg kjende trong til å skriva dette. Lat oss slå fast at eldsjelene i Folkemusikkens venner greidde å få Bryggenspelet inn i musikksoga, og at det namnet viser til ein gamal og trygg og god tradisjon.

Eg voner på plass til denne honnør til motige og arbeidsviljuge idealister takk til Be for dei gode konsertmeldingane.

HELSING LUDV. JERDAL