Verst har det gått ut over Nord-Norge og Vestlandet. Geografi og busetjingsmønster i desse landsdelane høver nok ikkje så godt inn i kravet om lønsemd i helseforetaka.

Alternativet er at me kunne klumpa oss saman i «meir sentrale strok», for såleis å bli meir lønnsam. Men det blir så vanskeleg å ta med seg fisk, olje, gass, reiseliv og landbruk, og så ville ein plutseleg komme i minus på andre budsjett.

Folket i desse landsdelane som har fått trua si tryggleik og nærleik til eit fullverdig sjukehus eller ei teneleg ambulanseteneste, har sagt klart frå kvar dei vil bu.

35.000 har gått i demonstrasjonstog, 133.500 har skreve under mot nedlegging av lokalsjukehus. Ingen politiske parti har gitt uttrykk for at dei ikkje støttar protestane til folket.

Senterpartiet har heile vegen vore motstandar av helseforetakmodellen, som ein no har fått på bordet konsekvensane av. Dette av omsyn til tryggleik, nærleik og likeverdige tilbod til alle, og ei folkevald styring, der dei som styrer må stillast til ansvar.

Senterpartiet har difor sett fram eit forslag om at større endringar i struktur, lokalisering og kapasitetsnivå når det gjeld spesialhelsetenesta skal leggjast fram for Stortinget til handsaming. Berre SV delte dette synet i sosialkomiteen. Saka skal seinare handsamast i Stortinget.

I Hordaland reiste sentrale Ap-tillitsmenn til Oslo for å tala sjukehusa si sak, og kunne etterpå gledeleg gjennom media melda at stortingsgruppa til Ap no gjekk for å oppretthalda lokalsjukehusa. Det er difor svært underleg at Arbeiderpartiet si stortingsgruppe ikkje støttar framlegget frå Sp, og brukar den makta som Stortinget trass alt har i denne viktige saka. Vil ikkje Ap ta ansvar?

Ein bør òg merka seg at Frp som i mange samanhengar gjev uttrykk for å tala på vegner av det norske folk, ikkje finn det bryet verd å ville vere med å ta ansvar for å gje det norske folk likeverdige helsetilbod.

For mange innbyggjarar i distriktet gjev nedleggingar avstandar som svarar til at Oslo-folk skulle hatt akuttberedskapen sin på Lillehammer eller i Telemark. For Senterpartiet er det heilt uakseptabelt. I tillegg er det heilt uakseptabelt at nedbygginga av Helse-Norge skjer utan at politikarane får sagt sitt.

Så difor stortingsrepresentantar, det er ingen skam å snu når Stortinget skal handsama denne viktige saka.

Bruk makta de er valde inn for å utøve!

Sigrid Brattabø Handegard, leiar, Hordaland Senterparti