Fredag morgon, 2. september 1898: Winston Churchill står på toppen av ei høgde ved Omdurman i Sudan. Han ser 52.000 soldatar, rekruttert frå ørkenstammene, marsjere i eit islamsk opprør mot 20.000 mann frå det britiske imperiet.

— Eit brøl kom opp mot oss i harde bølgjer, som suset frå aukande vind og bølgjer frå havet før ein storm, skreiv krigskorrespondenten Churchill heim til avisa Morning Post.

Fem timar etter var alt over. Dei talmessig underlegne, men teknisk knusande overlegne britane slapp unna med 48 døde og under 400 skadde. På den andre sida miste minst 10.000 soldatar livet i stormen frå britiske mitraljøser og kanonar.

Kor mange som døydde etterpå er ukjent, berre to-tre tusen slapp unna utan skade. Fienden hadde ingen sjanse mot det Churchill ironisk skildra som «den mekaniske hakkinga til døde som dei veloppdragne nasjonane i verda har perfeksjonert til slik uhyrleg presisjon».

Det 300 år gamle imperiet stod på høgda av si makt.

Fellesskap

Det er eit slåande fellesskap mellom utfallet av slaget ved Omdurman i Sudan og det fullstendige militære overtaket dagens supermakt USA nyleg demonstrerte i Irak.

Historikar og forfattar Niall Ferguson dreg også fram parallellen til USA i dag i si ferske populærframstilling av det britiske imperiets vekst og fall, der historia om Omdurman er henta frå.

Det er parallellane til dagens situasjon og USA si rolle i verda som gjer «Empire» ekstra interessant i dag. Her er det dei lange linjene som dominerer. Med 370 sider til disposisjon har Ferguson ikkje plass til å grave seg ned i detaljane.

Med Irak-krigen ferskt i minnet og med våre nære band til britisk historie er det ei bok vel verdt å lese, sjølv om delar av publikum truleg blir støytt av Fergusons forsvar av imperiet han sjølv er ein etterkomar av.

Ideologisk motivert

Når Bush og hans administrasjon i Washington no har fått slik omsut for å spreie demokrati og menneskerettar i den arabiske verda har også det sin parallell i utvikling i det britiske imperiet. Difor er det kanskje feil å avfeie den amerikansk retorikken som skalkeskjul for kyniske økonomiske interesser.

Utover 1800-talet fekk den britiske politikken eit stadig sterkare idealistisk preg, med misjonærar som David Livingstone som ein av pådrivarane. Det var ikkje lenger nok å sikre verdiar, no skulle det også spreiast idear. Og britane nøydde seg ikkje med å snakke.

I India slo det mellom anna ut i eit forsøk på å forby skikken med å brenne kona levande på mannens likbål. Handelsinteressene i det austindiske handelskompaniet åtvara, og hadde same pragmatiske syn på sakene som USA i alle fall hittil har hatt på sine alliansar med arabiske diktaturstatar som Saudi-Arabia.

Blodig opprør

Handelsmennene ville ha minst mogleg innblanding i lokale skikkar, same kor barbariske dei var, og åtvara mot dei ideologisk motiverte misjonærane. Først kom kynismen, så kom idealismen. Og det siste gav nødvendigvis ikkje fleire døde enn det første.

Den nye politikken var med på å tenne eit blodig opprør i 1857. Britane slo brutalt og nådelaust tilbake. I den indiske byen Cawnpore står det framleis eit banantre frå den tida. Etter at opprøret var slått ned hengde britane 150 opprørarar i greinene der.

I desember same året konkluderte Livingstone med at britane hadde gjort ein tabbe då dei satsa på å nøye seg med å berre etablere handel i India. Berebjelkane i sivilisasjonen, kristendom og handel, må aldri splittast opp meinte Livingstone.

Ta opp ei bør

For britane starta imperiet som piratverksemd, utvikla seg til eit nettverk av marinestasjonar for å sikre britiske handelsinteresser og enda opp med eit imperium der folket på 25 prosent av jordoverflata vart styrt frå London.

På same vis som det britiske imperiet i byrjinga er det amerikanske imperiet i dag ikkje formalisert. Der amerikanarane nøyer seg med raske raid med flygande krigsskip, brukte britane kanonbåtar for å «rydde opp».

Men hittil har amerikanarane vore lite viljuge til å ta etter neste steg i den britiske utviklinga, rykke inn med militære styrkar, overta styret og etablere koloniar. Til og med i Irak går retorikken frå Washington ut på at USA ikkje skal stå i landet eit sekund lenger enn naudsynt.

Ferguson spør om amerikanarane ikkje burde aksle ei større bør enn i dag. Kanskje ber det amerikanske imperiet, ved å fornekte sin eigen imperialisme, kimen i seg til sin eigen undergang? spør Ferguson. Det er ikkje sikkert at USA i lengda kan satse på at påverknaden frå Disney og McDonalds er nok til å sikre spreiinga av vestlege idear, skriv den britiske forfattaren.