OVE A. OLDERKJÆRove.olderkjaer@bt.noHalsnøy, Kvinnherad

— Det er bra interesse i Skånevik for å sortera den rotnande fisken frå det forliste fryseskipet, opplyser Norway Foods sin fabrikksjef, Dag Anders Hornenes.

Hornenes er trekt inn i planleggingsarbeidet til bergingsselskapet Eide Marine Services, som har fått oppdraget med å heva og rydda "Green Ålesund" for 55,3 millionar kroner.

— Det er sagt at 14-18 får arbeid ein månads tid med "Green Ålesund". Men det er ikkje sikkert at alle kjem frå Norway Foods, seier verneombod Gunn Elisabeth Larsen på Skånevik-fabrikken til Bergens Tidende.

Ho har sjølv tenkt seg ut i Skånevikfjorden på jobb i april.

— Eg er ikkje redd for rrtelukt, vi får ta det som det kjem, seier Larsen.

Spesialsugar Eide Marine Services tek om få dagar til med å suga bort fisk som dels har havna på utsida og dels ligg i brotsona på den knekte havaristen i Bleivik ved Haugesund. Ein spesiallaga fiskesugar er snart på plass, opplyser administrerande direktør Georg Eide.

Mesteparten av den rundt 3500 tonn store fiskelasta skal fjernast når båten er heva og i slutten av mars er plassert på ein lekter i Skånevikfjorden. Der blir det montert eit prosessanlegg som skal ta seg av fiskeavfallet og gjera det om til masse. I fjorden skal også anna utstyr og last frå "Green Ålesund" kjeldesorterast for resirkulering eller destruksjon.

Ny båt? Georg Eide ser ikkje bort frå at dei to delene av "Green Ålesund" seinare kan setjast saman til ein brukande båt att.

— Vi får sjå om det er håp for han. Men frysebåt blir han ikkje att, seier Eide.

Statens forurensningstilsyn karakteriserer arbeidet med å fjerna fisken som risikofylt og krevjande. Fiskelasta er nokså uhandterleg og gir betydeleg luktplage, trur SFT. Eide Marine Services skal samarbeida med Riise Underwater Engeineering om hevingsoppdraget.