Av Hans Otto Robberstad, Bømlo

Difor er det trong for ein «vestlandsbenk» i tillegg til eit Vestlandsråd, dette siste startar som kjent opp arbeidet sitt 1. januar 2003.

Med «vestlandsbenk» tenkjer eg på ei samling av stortingsrepresentantar innvalt frå vestlandsfylka.

Eit av dei områda som raskt peikar seg ut for samarbeid er helsetilbodet til vestlendingane. Etter at det vart etablert regionale helseføretak har ein del av utviklinga gått i feil retning. I staden for å betra tilbodet på helsetenester, går mykje av Helse Vest sin energi med til å skjere ned på eit frå før, for dårleg tilbod.

For å seia det litt ledig, med tekst frå ein av våre store visesongarar «det var 'kje slik det skolle vera, det var 'kje slik det skolle bli».

Framleis får helsevesenet på Vestlandet årleg mellom 750 millionar og ein milliard mindre til investering og drift av sjukehusa her enn snittet for landet, og som mest verre er, dette skjer utan synlege protestar frå stortingsrepresentantane som kjem frå vestlandsfylka.

Det er neppe å venta at styret i Helse Vest med særleg tyngde tek opp kampen med departementet.

Så langt ser det ut til at dette tilhøvet er mest prega av ei «ja vel statsråd»-haldning frå Helse Vest si side.

Den upolitiske politikken har sine sider, den også.

Så tidleg som i mai 2002 vart det gjennom oppslag i regionavisene grundig dokumentert kor skeivt ressursane vart fordelt. Etter dette vart det sett ned eit utval til å greia ut saka.

Tida går og til no har denne utredninga kosta pasientar og sjukehus på vestlandet bort mot ein milliard kroner i tapte inntekter på manglande oppretting av tilhøvet.

Det finst så langt eg kan sjå ikkje nokon medisinsk, økonomisk eller moralsk akseptabel grunn til at det skal vera slik.

Folk her vest har krav på å få eit like godt helsetilbod som andre stader i landet.

Etter kvart har folk grunn til å undrast på om dei er svikta av våre stortingsrepresentantar, representantar som ikkje tydeleg nok talar regionen si sak i så vesentlege spørsmål.

Min sterke oppfordring er «samla alle representantane innvalt frå Vestlandet til eit felles møte og legg ein strategi for korleis me kan koma ut av den utålelege situasjonen som Vestlandet er kome i».