Av generalsekretær Karl Johan Hallaråker, ImF

Desse er tydeleg utvalde for å støtta media sin kritiske misjon. Ser ein litt bak klippinga og regien, kan det vera grunn til å ta del i denne debatten.

1. Levende Ord står for si eiga verksemd med sin kultur og profil. Vi andre arbeider i vår samanheng. Men det er nå tid for å stå opp for deira rett til både menighetsliv og skuleverksemd. Med all førehandsstøy om «Brennpunkt» i NRK, brann det meste opp når ein hadde sett programmet. Det er sanneleg ikkje born av foreldre som positivt nyttar foreldreretten sin til kristen oppseding, som vert problembarna for land og folk. Det er heller ikkje kristne leiarar som ope fortel om sine visjonar for folk og land som vert til skade for framtida. Vurderer ein det åndeleg, må det sanneleg vera åndskraft i det som møter slik motstand!

2. Når kristne skulefolk med bakgrunn i den offentlege skulen, talar positivt om denne, har eg få problem med det positive dei seier. Les ein Indremisjonsforbundet sin skulestrategi, vil ein også sjå at vi talar mykje positivt om den offentlege skulen og oppmuntrar til god omsorg for lærarane der. Eg har heller ikkje problem med at ein har kritiske merknader til satsing på frie skular. Det er alltid viktig å vurdera argument både for og mot, før ein startar eit nytt prosjekt. Men eg reagerer skarpt, når eg synest folk let seg bruka til nærast å harselera med andre si overtyding. Retten til frie skular er barometer på eit fritt samfunn! Også i Indremisjonen brukar vi denne retten, og vi forsvarar at andre gjer det same! Frie skular har alle rett til, uavhengig om eg likar deira skule eller ikkje. Det gjeld foreldre uavhengig av livssyn, tru og religion. Vi som kjenner mange frie skular, veit også noko om at dei ikkje er getto eller indoktrinering. Med den hetsen vi nå opplever, er det viktig å stå rakrygga opp for denne skuleretten!

3. Særleg trist i kampen er det å merka engasjementet frå Utdanningsforbundet og deira leiar, Helga Hjetland. Saman med fleire media nyttar ein høve til kamp mot regjeringa Bondevik sin skulepolitikk. Når ho også brukar media si kritiske vinkling til å be utdanningsministeren stoppa statsstøtte, må eg berre seia kort: Må vi verta sparte for at slik sneversynt intoleranse får makt i samfunnet vårt. Korleis må det ikkje kjennast for dei medlemmene i Utdanningsforbundet som arbeider i frie skular, og dei mange som har syn for denne retten? Det er når ein høyrer slik propaganda at ein kunne ha lyst til å bli politikar. I alle fall må vi sørgja for at landet vårt har politikarar som forsvarar åndsfridom og toleranse på ein sannferdig måte — og ikkje berre vil sikra retten for eigen tanke og ideologi!