Stadig mindre av tilveksten blir hogge.

Tømmerprisane held fram med å falle, som dei har gjort i 30-40 år. I 1950-åra kunne Statskog halde eit tømmerhoggar i ei veke for verdien av ein kubikkmeter tømmer. I dag betaler den same tømmerstokken knapt to timars arbeid. Tømmer som industriell råvare er blitt elendig butikk i ein tøff, global konkurranse. Men skog til energi er i ferd med å bli meir lønsamt enn før. Straumprisane stig, og ser ut til å halde fram med det. Nyleg la olje— og energiminister Einar Steensnæs fram ein strategi for utbygging av vassboren varme. Enova, det nye selskapet som skal gjennomføre overgangen til miljøvenleg energi, har 100 millionar som dei skal bruke til å støtte vassboren varme berre i år. Målet er minst 10 TWh miljøvenleg energi innan 2010. Dette er ein firedel av den straumen vi bruker til oppvarming her i landet.

Enova disponerer eit energifond på over 400 millionar støttekroner til ny, fornyeleg energi. Til hausten skal regjeringa legge fram ei innstilling om grøne energisertifikat. Eit av forslaga er å dele ut sertifikat til energileverandørar som fyller krava, og å pålegge større energikjøparar å kjøpe ei viss mengde sertifikat, altså sertifisert energi. Eit slikt opplegg er under utvikling i EU.

Omsider ser det altså ut til at vi får ei viss tyngde og stabilitet i tiltaka for å bryte vanen med å tenkje berre panelomnar for å få varme i husa, kontora, skulane, hotella og kva det nå er.

Det held på å bli ein marknad for varmeenergi, delvis ved hjelp av pengar, delvis med paragrafar. Energiverka kan bli pålagde å samarbeide med kommunane om meir miljøvenlege energiløysingar.

For kommunane og bygdene og bøndene opnar dette nye vegar til inntekter. Energileveransar er ein ny marknad for skogen etter som den tradisjonelle avsetninga går berre nedover. To bønder i Gudbrandsdalen såg seg leie på veksande straumrekningar og opna nyleg eit felles biobrenselanlegg, basert på halm og skogsvyrke.

Lønsemda var dei ikkje i tvil om. Dei skulle skaffe varme til grisefjøset, men dei kunne like gjerne levert varme til skulen i bygda eller aldersheimen, eller heradshuset. I Norden er bioenergiproduksjonen større enn vasskraft. På Hadeland nyttar dei nå 40 prosent meir bioenergi enn for 15 år sidan. Dette gjev klimagassutslepp som er 25 prosent mindre enn dei elles ville ha vore. Erik Eid Hole, som driv Energigården i same kommunen, høgg 2000 kubikkmeter skog i året. 25 prosent av dette går til bioenergi, og dette er nå ein større inntektspost enn leveransane til tremassindustrien. I tillegg sparer han 10-15 øre pr. kilowattime ved å varme opp garden med biobrensel i staden for elektrisitet eller olje.

Med stadig meir lauvskog lett tilgjengeleg rundt innmarka, og dalsidene fulle av gran som veks både eigarane og industrien over hovudet, har mange vestlandsbønder eit langsiktig grunnlag for å melde seg på energimarknaden. Men her som elles er det i foredling og distribusjon at fortenesta er størst. I staden for å selje sliptømmer til elendige prisar, kan skogeigarane levere varmeenergi til dei som treng det, som eit anna energiverk. Å levere varme direkte til kjøparane gjev større inntekt enn å satse på endå ein råvarebransje, å halde varmeprodusentane med råstoff. Men det krev også større investeringar, og krev truleg at fleire går i lag. Her er ei framtidsretta oppgåve for skogeigarlaga, og for kommunale tiltakssjefar. Der det er pengar å tene, dukkar det alltid opp interesserte. Her har landbruket og bygdene ein historisk sjanse til sysselsetting og inntekter i staden for at elektrisitetsverka eller oljeselskapa kjem først til mølla. I tillegg får vi vakrare bygder og ei meir berekraftig energiforsyning. Kvifor skal vegstellet måtte bruke pengar på å hogge skog langs vegane i Hardanger for at turistane skal kunne sjå fjorden, når eigarane kunne hogge den same skogen og tene pengar på det?

Av Erik Solheim, leiar i Norges Naturvernforbund