JOHN LINDEBOTTEN (tekst og foto)Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har utarbeidd ein såkalla Vestlandspakke som eit felles innspel til transportplanen. Bergen i dag Denne store samferdslesaka er no til handsaming i Stortingets samferdslekomité. I tida fram mot innstilling og stortingsdebatt, midt i februar, vil lokalpolitikarar frå heile landet dynga ned komitimedlemmene med innspel, utspel, bøner og krav.Alt i dag sender Bergen kommune byråd for miljø og utvikling, Tom Knudsen, av garde saman med Arne Jakobsen frå fylkestinget. Dei to skal ha møte med sin partifraksjon (Ap) i samferdslekomiteen.— For vår del handlar det fyrst og fremst om Bergensprogrammet, sjølvsagt medrekna bybane. Men vi legg og vekt på søknaden vi har sendt om å få overta ansvaret for kollektivtrafikken i byen. Dinest vil vi ta opp spørsmål i samband med bompengeavtalen for 2001 og saka om ny seglingsleid inn til Bergen, seier Tom Knudsen til Bergens Tidende. Kyststamvegen Fylkesordførar Gisle Handeland ligg heller ikkje på latsida. Handeland legg stor vekt på samarbeidet som er kome i gang mellom Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal om Vestlandspakken. Det sentrale elementet i pakken er E 39, Kyststamvegen mellom Kristiansansd og Trondheim. Berre i dei fire vestlandsfylka trengst det 8,5 milliardar kroner for å oppnå fullgod vegstandard. 13-14 milliardar dersom vegen skal gjerast heilt ferjefri.På Rv. 13 er dei sentrale elementa fastlandssamband mellom Stavanger og Ryfylke, skikkeleg veg gjennom Brattlandsdalen til Røldal og bru over Hardangerfjorden. Godt samarbeid - Gjennom arbeidet med Vestlandspakken har det utvikla seg eit utruleg godt samarbeid mellom dei fire fylka, seier Gisle Handeland, som i går møtte sine ordførarkollegaer i Oslo. - Vi har avtalt ei fordeling av oppgåvene overfor samferdslekomitien der vi fylgjer partikanalane, seier Handeland.Det vil seia at fylkesordføraren i Rogaland, Roald Bergsaker, tek seg av Høgre-fraksjonen i komitien. Handeland snakkar seg sine folk frå Arbeidarpartiet og fylkesordføraren i Sogn og Fjordane held kontakten med Sp sine folk.- Og i denne samanheng representerer vi alle saman Vestlandspakken, understrekar Gisle Handeland.