TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no

Ulukka skjedde då dei fem var på veg tilbake til Bergen etter å ha sett toppserieoppgjeret mellom Strømsgodset og Brann i Drammen. I Vetlebotntunnelen på riksveg 50 køyrde dei inn i tunnelveggen. Ulukka vart meldt kvart på eitt natt til torsdag, og politi og redningsmannskap rykte ut både frå Aurland og Hol.

Det var tre menn og to kvinner i bilen, alle busette i bergensområdet. Dei to kvinnelege passasjerane, begge rundt 30 år, var så hardt skadde at dei vart sende med ambulansehelikopter til Ullevaal sjukehus i Oslo. To andre vart sende til Fylkessjukehuset i Lærdal, medan den femte vart frakta til Voss.

Politiet kjenner ikkje årsaka til ulukka.