Eg må diverre innrømme at Bondelaget, som eg er medlem av, og som i alle fall forsøkte å oppklare ministeren sine fadeser, ikkje klarte det heilt.

Det gleder desto meir at Bergens Tidende i hovudleiaren 18. januar har sett heilskapen i eit komplisert saksområde, og på ein gnistrande klar måte bidreg med å klargjere fakta i saka. Bra, BT. Synd at avisa ikkje når ut til alle norske forbrukarar.

JOHAN BJØRN BERGHEIM,BYRKJELO