I vår frie verd indoktrinera Coca-Cola dei med 1,1 milliardar kroner om at Harry Potter-effektar høyrer til dei basale livsbehova. Utan foreldre som vil betala heksekost til kr. 500 er born av forbruket igjen skvisa i gata. I dette frie landet vert dei indoktrinerte av skruppellause folk i reklame og mediabransjen om at god sjølvkjensle kjøper dei i butikken. Born av forbruket veks opp i bilbelte til dårleg sjølvbilete, erting og mobbing om dei ikkje har fått skvisa ut av foreldra den rette buksa eller mobilen til framsyning på catwalken, tidlegare kalla skuleplassen. I dette gamlehuset som vert kalla velferdsstaten veks dei så opp til ungdomstid i rus og dus og «flasha» personlegdom. Og me gamle blir forundra over at dei vert nett som dei har blitt trente til av TV2 og allierte. Ymtar nokon frampå om at kommerskreften stel barndomen, er slimålane på hogget med at «der er ein avknapp», «skule og foreldre må skape haldninger», «har en sat barn til verden må en ta ansvar for oppdragelsen». Og pøsar på endå nokre milliardar og utspekulerte marknadsføringsknep for å vinna rotteracet framfor foreldra.

Sist me hadde ein Bondevik-regjering skreiv me til Svarstad Haugland og bad om i det minste om ein «mental forureiningsavgift» på dei 7 milliardar reklamekronene borna sitt sjølvbilete vert skapt i. Til dekking av lidingane dei produserer. Men nei, det ville truge ytringsfridomen, skreiv ukulturministeren attende. Men dei hadde sett ned eit utval. Langt ned, har det synt seg.

Me bruker store ressursar på å unngå knekte bein, men ikkje noko på å unngå knekt psyke. Borna er offerlamma i perverterte omgjevnader. Er det fordi for mange av oss tenar for mykje i design, marknadsføring, mediaformidling, sal og finansiering av driten? Tenk om denne bermen kunne slutta i jobbane sine og byrja arbeida i staden. Tenk kor godt ungane kunne hatt det då!

God Jol. Løp og kjøp ein personlegdom. I januar er han på sal.

Av Frode Strønen, Miljøpartiet Dei Grøne