Av Ragna Lid

Før i tida kunne ein lesa om mord. No kan ein sjølv vera den som siktar på folk og trykkjer på avtrekkjaren på dataspel og endåtil få poeng for å treffa godt.

Kva gjer valden i media med oss?

På meg personleg verkar den sjokkerande og kvalmande. Men eg merkar at eg har vorte meir herda etter kvart, sjølv om eg sjeldan ser på slikt. Eg trur at vald i media flytter grenser for kva som er lov og bryt ned hemningar og naturlege sperrer hjå mange.

Eg hugsar med gru den skuleeleven i USA som skaut og drap åtte medelevar. Han hadde trent seg opp på dataspel. Han fortalde seinare til politiet at han vart forundra over at klassekameratane ikkje reiste seg etter å ha vorte skotne.

No påstår ikkje eg at ein vert mordar berre av å sjå vald/drap på film og/eller spela valdelege dataspel. Det er nok mange faktorar som må verka saman, men eg trur at den overdrivne valden i media dreg i feil retning for mange, særleg blant born og unge.

Ein annan ting som vart sagt var at mange kan få eit urealistisk syn på kva menneskekroppen toler av t.d harde slag mot hovudet. Eit slagsmål som i realiteten skulle vore over på nokre få sekund, varer på film gjerne i fleire minuttar.

All valden skaper også frykt hjå mange. Valden vert også meir skremmande dess meir realistisk den ser ut, og med dagens datateknologi kan ein få til kva som helst på film.

Born og unge som ser vald åleine og/eller ikkje får nokon motforestillingar til det dei har sett, og kanskje ikkje har nokon som dei kan snakka med om det, vil lett verta påverka i ein uheldig retning.

Undersøkingar viser òg at born vert meir aggressive av å spela valdelege dataspel. Det er all grunn til å vera vakne og engasjera seg slik at me fylgjer med på kva våre born og ungdomar ser på/brukar av filmar/dataspel og internett. Og setja grenser.

Heltane vert òg stadig meir valdelege både i actionfilmar og i teiknefilmar for born.

Born leikar ofte det dei har sett på film, t.d. Pokemon. Kvart monster har sine kampteknikkar, angrepsmetodar (t.d. biting, slags, spark, elektriske støyt, flammekasting, giftpulver, kniping, steinkast og glør). Det er utruleg kor mykje mange born kan om Pokemon.

Alle kan vel tenkja seg at det kan verta både slitsomt og vondt når born som leikar tek i bruk mange av desse angrepsteknikkane.

Disney-filmar som t.d. «Tom og Jerry» er heller ikkje heilt uskuldige, og dei er det ingen aldersgrense på eingong.

Desse Disney-figurane kan nok vera morosame òg, men det spørs om små born oppfattar det på same måten som vaksne og større born.

Vil me at borna våre skal få inntrykk av at det går an å slå kvarandre i hovudet med slegge, verta overkøyrde av ei vegvalse eller detta ned frå toppen av ei høgblokk utan at nokon tek skade av det? Figurane er då friske og kjekke att straks etterpå. Små born har svært vanskeleg for å skilja mellom film og røynsle.

Er det slik me vil ha det?

Skal me ikkje verta flinkare å bruka av-knappen?

Dersom ingen ser på eit program lenger, sluttar dei å senda det.

Borna arvar foreldra sine tv-vanar lett.

Det går sikkert an å velja seg ut einskilde gode program på førehand og sjå berre på dei, i staden for å bruka (misbruka?) tv-en som tidsfordriv.

Her har sikkert dei fleste av oss noko me kan øva meir på.

Lukke til med å velja ut det gode som også finst i media!