Steinar Hanssom fekk rett. Det vart umogeleg å unngå Kjell Magne Bondevik som ny statsminister i Noreg. No skal han forhandla med eit sjølvbevisst Høgre, men dei blir nok samde. Dersom KrF i tillegg kan sikra seg Venstre som eit slags liberalt alibi, om aldri så lite, så kan det nye regimet kallast ei trepartiregjering. Det kan vera ei lita hjelp for eit KrF, som nok ser faren for å bli juniorpartner i det nye hopehavet.

Svekka sentrum

Valdagsmålingane gav nytt liv til sentrumsalternativet, og for ein kort augneblink vart Venstre spådd ei lys framtid. Då ville sentrum ha kome att med i underkant av 40 representantar. Litt svekka, ja vel, men i praksis like stort som Høgre. Men sentrum kunne ikkje avløysa Stoltenberg med mindre det vart applaudert av Høgre og Frp. Frp avskyr Senterpartiet. Høgre mislikar sentrumskonstruksjonen så sterkt at det er tenkjeleg at dei ville stilla ultimatum: Anten ei regjering med Høgre og KrF, og eventuelt Venstre, eller så kan Stoltenberg bli sitjande. Det ville lagt eit tungt press på Bondevik om å avvikla hopehavet med Senterpartiet. Hadde han teke dette brotet, så ville det sett vondt blod i sentrum for lang tid framover.

No kom Venstres vanlagnad Bondevik til hjelp. Med Venstre under sperregrensa er sentrum daudt, og Bondevik kan – utan å svika Senterpartiet – gå i frimodige forhandlingar med Høgre.

Vi må forstå KrF-kodane

Men Bondevik skal vara seg. Rett nok er det slik at landsmøta i Kristeleg Folkeparti alltid uttrykkjer varmare kjensler for Høgre enn for Arbeidarpartiet, og for den del Senterpartiet, men då er det viktig å forstå KrF-kodane. I KrF er det symbola som betyr mest. Og KrFs symbolsaker er dei sakene som kan sjåast i lys av Bibelens ord, eller som har relevans til eit norsk kristenliv. Vi snakkar om abortlov, friskular, kontantstøtte, kristen føremålsparagraf og frivillige organisasjonar, for å nemna noko. Kampen mot homofili i kyrkja og ei kyrkje som ikkje skal styrast av staten er andre stikkord. Her kan KrF finna saman med eit Høgre som i verdispørsmål ofte er meir konservativt enn liberalt. Men desse sakene er ein liten og uviktig del av det daglege politiske strevet.

Ap pluss KrF = sant

I økonomisk politikk, som det alltid er mest av, har Kristeleg Folkeparti eit sosialt samvit som korresponderer svært godt med Arbeidarpartiets. KrF og sentrum tok initiativet til ei utjamningsmelding som viste at forskjellen på fattig og rik her i landet hadde blitt vesentleg større i Aps regjeringstid. KrF og resten av sentrum vil gjerne gjera noko med dette, og finn kanskje ein alliert i Ap når Stoltenberg & Co. etter kvart erkjenner at dei ber ansvaret for denne skeive utvikling. Dette er ei sak som Høgre ikkje ser grunn til å bruka for mykje tid og krefter på.

Noreg har ein stolt tradisjon når det gjeld å hjelpa fattige land. Bondevik lova å auka u-hjelpsbudsjettet til ein prosent av bruttonasjonalproduktet, men måtte gi opp. No gjorde Høgre eit stort nummer av at dei vil redusera u-hjelpa drastisk framover. Saka vil bli omfatta med stor merksemd i budsjettet til hausten, og blir ein prøvestein på i kva grad Bondevik er villig til å selja sjela si. I kampen for meir u-hjelp har han Arbeidarpartiet og V/Sp/SV som naturlege alliansepartnerar. Høgre – saman med Frp – blir hovudmotstandar. I edruskapspolitikken står KrF nærare Ap enn Høgre.

KrF best mot venstre

Det er difor eit vanskeleg landskap Bondevik gir seg inn i. Eg har alltid meint at KrF er på sitt beste når dei samarbeider med sentrum eller Arbeidarpartiet, for då kjem partiets skuggesider minst til syne. I eit samarbeid med Høgre – og på Frps nåde – kan desse skuggesidene bli altfor dominerande. Det er ikkje ønskjeleg. Det er viktigaste grunnen til at Venstre bør seia ja til å bli med i den nye regjeringa. Då kan partiet representera det liberale fyrtårnet ei slik regjering sårt kjem til å trengja.