Arne Hofseth (tekst og foto)

Garden til Anne Marie og Nils O. Lothe ligg vest for ferjekaien på Utne, på sørsida av Hardangerfjorden. Med sine 33 mål jordbruksareal er bruket litt større enn dei som landbruksminister Lars Sponheim vil sleppa ut på den frie eigedomsmarknaden under mottoet:

— Ikkje alle som vil bu på landet, treng bu i bustadfelt.

— Dei kan bu i husa på eit småbruk, og la naboen leiga jorda, sa statsråden då han møtte bønder på heimebane i Ulvik i påsken, og letta litt på sløret rundt reformen med konsesjonsreglar, bu- og driveplikt.

Men Anne Marie og Nils ser aller helst at dei kan overlata livsverket sitt til nokon som kan ta hand om 3200 frukttre i snorbeine rekker, skorne etter alle kunstens reglar, og akkurat no i bløming.

På Lone er våningshuset opphaveleg frå 1850, men påbygt og modernisert. I tillegg er her eldhus, garasje og ein moderne driftsbygning, spesialbygd for frukt, men også med saueflor og tilhøyrande silo. Til garden høyrer strandline, naust og båtplass og ei sæter med fjellrettar. Og taksten er på 1,9 millionar kroner.

Lothe har ikkje livsarvingar, men svært mange Vestlandsbønder opplever det same; ingen av den yngre garde i slekta vil satsa på landbruk. Nils rundar folketrygdalderen på 67 år, men er frisk og arbeidsfør.

— Kvifor selja no, når de kan driva frukthagen i mange år enno?

— Fordi vi gjerne vil lata frå oss ein gard som er i tipp-topp stand, ikkje venta til helsa skrantar og garden forfell.

IDYLL VED HARDANGERFJORDEN: Anne Marie og Nils O. Lothe gruer seg litt til sundag, når potensielle kjøparar kjem for å sjå på fruktgarden deira på Lote i Ullensvang.