Diverre har vi frelste gjort svært mykje vondt i Jesu navn.

Fordøming av det eine og hitt har blitt eit av våre varemerke.

Eg vil på vegne av oss alle be audmjukt om tilgjeving for dette.

Vi treng atter ein gong å bli minna om «flisa og bjelken».

Det ser ut som om vi er på god veg utfor den smale sti — i alle fall i høve til det Jesus lærer oss gjennom Bibelen.

Tilgje oss - vi veit ikkje kva vi har gjort. Vi treng alle å ransaka oss sjølv dersom vi ikkje klarer å vidareformidla den kjærleik og nåde som vi sjølv har mottatt.

Vi har absolutt ingen rett til å døma! Må Gud velsigne deg og alle andre som har fått kjenna den «kristne» fordøminga på kroppen. Vi treng fortsatt mykje forbøn. Amen.

ØYGUNN LEITE KALLEVIK