I det hylesamfunnet som vi i vår velstand har skapt, er det dei som skrik høgast som får mest — ikkje dei med gode grunnar og solide argument. Slik sett er det vel godt om Jernbaneverket greier å skrika seg til nokre ekstra milliardar frå medieskremte politikarar.

Men hyl er aldri interessante å høyra på. Nokre kan til og med verta så leie av skrålet at dei - som Thorbjørn Berntsen brukar å seia - dyttar bomull i begge øyra.

Godt brukt milliard

Dei store stambanene, med Bergensbana som den viktigaste, har aldri vore i så god stand som i dag. Jernbaneverket sjølv har lagt ned minst ein halv milliard i Bergensbana på nokre få år, Finsetunnelen, ny bane austover frå Finse, krengetogstilpasningar, og sjølvsagt dei store tunnelane på Vossebana - ho er den viktigaste delen av Bergensbana!

NSB, som no er dei som køyrer toga, har fått minst like mykje, ikkje berre til Signatur-setta som har greidd seg overraskande godt i ein middels høgfjellsvinter, men endå meir i vogner og nye lokomotiv som dei brukar i dagtog og ekstra-ekspresstog - truleg det beste og mest vellukka materiellet som har vore brukt på Bergensbana sidan dei fann opp damplokomotiv 31b!

Det Jernbaneverket no steller i stand, er ikkje berre toskeskap, det er verre: Dei veit ikkje kva dei sjølve steller med, i alle fall ikkje det dei gjorde for fem eller ti år sidan.

Overlevde Rettedal og Rambjør

Bergensbana overlever alt, og overlever nok denne gongen også. Sist overlevde bana parhestane Arne Rettedal og Kristian Rambjør, som begge hadde «visjonen» frå gutungane i dag: At norsk jernbane berre skulle vera trekanten frå Østfold til Lillehammer og ned att til Larvik. Så kom mirakelet med Osmund Ueland og Arent M. Henriksen, dei to som faktisk skjøna kvifor vi har jernbane i Norge. Det er tre grunnar: Dovrebana, Sørlandsbana og Bergensbana. Dei gjorde som vi alltid har gjort her i landet: Fiksa bana slik at ho vart trygg og brukande, og kjøpte togmateriell som passa til dei banene vi hadde.

Så vart dei sjølvsagt jaga ut i skam, både Ueland og Henriksen. Det går gjerne slik med dei som gjer gagns arbeid i staden for å kviskra rundt i krokane med andre maktmenneske!

Men når den nye tids ekspertar, folk som knapt nok har reist med tog i sitt liv, i alle fall ikkje gått med gull og sølv på uniformene, først har dumma seg ut, så kan det kanskje koma noko bra ut av dette også - med spørsmålet frå Luthers vesle katekisme: «Kva godt skal vi då?»

Produsentane styrer

For det første kan kanskje folk oppdaga at det viktigaste på Bergensbana er godstransporten, fire-fem tog i kvar retning med 40 vogner og vel så det - ført fram av ein einaste mann, der same godsmengda på landevegen ville kravd hundrevis av vogntog med hundrevis av tilsette.

For det andre at vi kanskje tenkjer oss om: I dag byggjer og byggjer vi om vegar og tunnelar og bruer, ikkje fordi det trengst, men fordi bilprodusentane lagar mastodontar for europeiske motorvegar og krev å få bruka dei på små vestlandske riksvegar. Akkurat det same er det på jernbanen, dei brukar milliardar på å kjøpa materiell utan tanke på om vi har baner der dei kan brukast. Så kjem investeringskravet etterpå, og politikarane er lettlurte: Dei dreg til Oslo og masar om ny Ulrikstunnel for å løysa kapasitetsproblem som ikkje krev anna enn litt fleire og litt lengre togsett!

Hylet frå Jernbaneverket er ei 24-timars-sak, som raskt og barmhjertig vert gløymt når dei finn litt dop på austerrikske soverom i Salt Lake. Kanskje er det best så, slik at vettige og meir stillfarande menneske kan få arbeidsro?