LARS MÆLAND lars.maeland@bt.noStord

— Det er sjeldan me har hatt ein turné med så mykje omtale i aviser og kringkasting, skrattar vokalist Thorleif i dansebandet med same namn.

Førde i Sveio var totalbom, Førde i Sunnfjord rett.

— Når me i ettertid har funne ut kor mange Førde det finst på Vestlandet, var det ikkje verst å treffa alt på andre forsøk. Det kunne gått langt verre, humrar Thorleif Torstensson.

Praktfull natur Det som skulle bli ein kurant transportetappe frå Sotra fredag til neste spelejobb i Førde laurdag, enda med over 280 kilometer ekstra farting for den 12 meter lange turnébussen.

— Det blei ein del kjøring, javisst. Men du verda så fint det er. Naturen på Vestlandet er berre praktfull, og når me no er blitt så godt kjent kan me bli guidar i vårt neste liv. Spøk til side, neste gang me skal på turné til eit område der me ikkje er sikre på vegen, vil me nok be arrangøren senda ei meir presis kjørerute, seier dansebandsjef Thorleif Torstensson til Bergens Tidende.

Bomma på hotellet Så spørs det kor detaljert dei må gå til verks, folk som hyrer det populære dansebandet med svensktoppsviskene. Ifølgje avisa Firda bomma Thorleifs på vegen også etter dansen. Det skjedde på distansen mellom Førdehuset og Sunnfjord Hotel, der dansebandet klokka 03.15 natt til søndag hadde stoppa i det av byens to lyskryss som ligg ved innkøyringa til hotellet og likevel måtte ringja arrangøren for å finna vegen fram.

— Hels alle som høyrde på oss, og sei takk for sist. Me hadde trass alt ei kjempehelg på Vestlandet, og gler oss til neste tur dit. Mannskapet på ferja mellom Sandvikvåg og Halhjem var attpåtil så greie med oss at då me kom tilbake frå bomturen vår til Sveio, fekk me pruta oss til rabatt. Bussen vår hadde "krympa" to meter sidan sist, og me sparte nokre kroner oppi det heile, seier Thorleif Torstensson.

ALL PR ER GOD PR: Dansebandet Thorleis tok feil av Førde og Førde. Det var kanskje ikkje så dumt. Dei har i alle fall fått mykje pr. (ARKIVFOTO: FIRDA)