JOHN LINDEBOTTEN

Lindås formannskap sa nei til bompengepakken med stort fleirtal 26. mai.

— Det viktigaste for oss er å få ein bompengepakke. Då får vi heller godta at det vert litt mindre til Radøy, seier Radøy-ordførar Olav Steinar Namtvedt til Bergens Tidende.

Bompengepakken er samansett av 120 millionar statskroner og 245 millionar kroner kravd inn på Nordhordlandsbrua i fire år etter at sjølve brua er nedbetalt tidleg i 2006. Radøy er tiltenkt mest, dinest kjem Lindås. Meland og Austrheim får mindre delar til utbetring av vegar.

To tunnelar Men på eit møte i Knarvik tirsdag vart det gjort ein del endringar i bompengepakken som gjer han meir freistande for dei partia i Lindås kommune som så langt har sagt nei til fire års ekstra bompengeinnkreving på Nordhordlandsbrua.

På møtet deltok vegsjef Ole Chr. Torpp, Lindås-ordførar Odd Tøsdal og gruppeleiarar frå Lindås kommunestyre.

— Vi fekk inn to planlagte tunnelar, ein frå Knarvik mot Isdal, og ein tunnel frå Isdal mot Alvermarka. Så strauk vi firefeltsvegen gjennom Knarvik, og let det vera med rundkøyringar, seier Anders Gjerstad, gruppeleiar for Senterpartiet, til Bergens Tidende.

Pengar frå fond - For å få plass til dette i bompengepakken, måtte vi skjera litt ned på dei tiltaka som opphavleg låg inne på Radøy. Dei to nye tunnelane i Lindås er likevel så dyre at den totale pakken må utvidast med 30 til 40 millionar kroner. Dette har vi tenkt kan takast frå kompensasjonsfondet for arbeidsgjevaravgifta. Styret i dette fondet skal diskutera dette onsdag, seier Gjerstad.

Senterpartiet er eitt av dei partia, ved sida av Høgre, Frp, SV og KrF, som så langt har sagt nei til bompengepakken. I formannskapet 26. mai var det berre Arbeidarpartiet og Venstre som sa ja. Høgre og Frp seier prinsippielt nei til meir bompengar, medan Sp og KrF godtar bompengar på omlag same vilkår; nemleg at Lindås får meir ut av tiltakspakken.

Vil ha månadskort - Betyr endringa i bompengepakken at Senterpartiet vil røysta for bompengepakken i kommunestyret torsdag?

— Det er uvisst. Det står enno litt att. Vi treng og ei god ordning for pendlarane over Nordhordlandsbrua. Månadskort, slik dei har det i bompengeringen rundt Bergen, er noko vi kunne tenkja oss. Ei ordning med fire ekstra bompenge kan vi ikkje godta. Innan torsdag skal Hordaland vegkontor rekna på kva slags rabattar pendlarane og næringslivet kan få med ein bompengepakke som skal ta inn 245 millionar kroner på mellom to og tre år. Reknestykket som vegkontoret legg fram torsdag, vil avgjera om vår gruppe vil røysta for bompengepakken, seier Anders Gjerstad.

For å sikra fleirtal for bompengepakken må både Senperpartiet og Kristeleg Folkeparti røysta bortimot samla for saman med Arbeidarpartiet og Venstre. Lindås sitt ja er avgjerande for at bompengepakken kjem vidare til fylkestinget, og seinare til Stortinget.