JOHN LINDEBOTTEN john.lindebtten@bt.no

Den godt og vel 1210 meter lange tunnelen skal byggjast mellom Nes og Børve. Kostnaden er rekna til mellom 80 og 100 millionar kroner.

Ingen statlege pengar Det er så godt som ingen sjansar til å få statlege pengar til tunnelen. Alt må betalast med bompengar, og i Kvam herad er det ingen tvil om kvar trafikken er størst.

— Det hadde vore freistande å setja opp bomstasjonen på grensa mellom Samnanger og Kvam, ved Eikedalen, seier Kvam-ordførar Martin Vik, og er vel klår over at han ertar på seg tusenvis av bergenske hytteeigarar ved det utsagnet.

På toppen av Tokagjeldet - Det er vel større sjansar for at bomstasjonen vert sett opp på toppen av Tokagjelet. Med 20 kroner i bompengar og innkreving i begge retningar, kan tunnelen truleg betalast på under 15 år, seier Per Steffen Myhren ved Hordaland vegkontor.

Det betyr at hyttefolket på Kvamskogen må ut med 40 kroner for å handla i Norheimsund.

Leiaren i Norheimsund Næringslag, Borghild Ones, likar ikkje planane om bomstasjon på Tokagjelet.

— Bompengar på Tokagjelet vil vera svært uheldig for oss. Bergensarar og andre som har hytte på Kvamskogen har alltid vore ei viktig kundegruppe for butikkane i Norheimsund, seier Borghild Ones.