Han gjer seg til talsmann for dei ca 200.000 barna av alkoholiserte foreldre i Noreg. For desse barna inneber jula ofte meir angst enn glede. Mange fleire barn enn dette vert ved sporadiske høve plaga av angst og forvirring når dei opplever at foreldra endrar sin veremåte i rus. Slik sett er jula ei høgrisikotid, sjølv i heimar med eit elles moderat alkoholforbruk.

Ringnes har laga ein reklameplakat som idylliserer og knyter saman jul og rusmiddel. Plakaten har bilete av fem feststemte vaksne inne i ei ølflaske, med påskrifta «God jul!» «Vi ønskjer berre å skape julestemning», seier Ringnes sin informasjonssjef Anne Marit Schiong.

Paal-Andre Grinderud kallar det eit hån mot dei barna som kvir seg til jul, av erfaring for at foreldra rusar seg, utan evne og/eller vilje til å skjerme barna mot dette. Han meiner plakaten skulle hatt tilleggstekst som t.d.: «Kanskje du skal tenkje litt på barna i heimen din?» Han finn reklameutspelet skammeleg og krev ei orsaking frå Ringnes overfor alkoholikarbarna. Alko-kutt-kampanjen kallar det ei sleip marknadsføring, og Rusmiddeldirektoratet stemplar plakaten over Ringnes sitt juleøl som lovstridig.

Ei fråsegn frå Ringnes kan tyde på at dei erkjenner at dei er på tynn is: «Ringnes kjem til å fjerne plakatane i dei kommunane der dei mottek klager». Om dei siktar til den ordinære saksgangen med kontrollverksemda etter alkohollova ("skjenkekontrollen"), er jula over før reaksjonane kjem. Det er kanskje meir effektivt å følgje Grinderud, som vil rive plakatane ned, der han ser dei. Eit anna språk som bryggeria forstår, er boikott av produkt og produsent!

Barn har krav på «alkoholfri sone» rundt seg, også i jula. Å misse evna til å skjerme barna mot rusåtferd i heimen, er eit overgrep mot barn! Tilgangen på alkohol i samfunnet vårt gjer det vanskelegare for enkelte å ta slike elementære omsyn til barn. Salsframstøyt for å auke alkoholomsetninga til jul, er usmakeleg.

SVERRE OTTESTAD, VOSS/VIK I SOGN