TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no

— Dersom det viser seg at desse sprøytene er nytta i samband med bruk av narkotika, ser vi svært al-vorleg på det, seier lensmannsbe-tjent Marianne Aasen i Aurland til Sogn Avis. Lensmannskontoret vil no granske sprøytene, for å finne ut om det kan vere narkotikamisbru-karar som slengjer dei frå seg inne i fjellet.

Alle funna er gjort inne i dei store fjellhallane. Mange tek ein kvile-pause i dei store fjellhallane i ver-das lengste tunnel, og Statens veg-vesen fryktar at folk som stoppar i hallane skal stikke seg på sprøyte-spissane.

— Måndag fann vi seks sprøyter som var lagt inn i ein potetgullpo-se, seier arbeidsleiar Olav Turlid.

Også tidlegare er det gjort eit funn av sprøyter inne i tunnelen. Også den gongen vart funnet gjort i ein av dei store fjellhallane.

Men det er ikkje berre sprøyter vegvesenet sine folk finn. Også mykje anna rusk og rask ligg att etter dei vegfarande.

— Spesielt etter helgane ligg det att mykje flasker og anna skit. Det er nesten skremmande, seier Turlid.