Det likar ikkje Søviknes å snakka om så derfor påtar han seg den velkjende Frp-offerrolla til Carl I. Hagen og utnemner seg til riddar i kampen mot dei kommunetilsette. Media generelt (unntatt BT) og mange osingar bit på agnet og snakkar villig om mannen som skal redda osingane frå sine eigne tilsette. Snakk om tidenes avleiingsmanøver!

Årsaka til at Søviknes vil kvitta seg med ansvaret for utøvinga av sosiale tenester kan ikkje vera at det skal bli billigare, for dei fleste studiar viser at tenestene etter ei tid faktisk blir dyrare. Verdas kanskje mest anerkjende økonom, nobelprisvinnar Kenneth J. Arrow, har nyleg kommentert akkurat dette. Årsaka til nedbemanninga er etter mi oppfatning ei heilt anna og av meir ideologisk karakter.

Problemet for Søviknes er nemlig at dei kommunalt tilsette ikkje har lov til å gjere forskjell på folk — dei må behandle folk som likeverdige uansett om dei er fattig eller rik. Det vil Frp og Søviknes ha slutt på og då må tenestene setjast ut til private aktørar. Aktørar som kan tilby klientane ekstra tenester mot kontant betaling. Får Høyre og Frp støtte i Stortinget for å fortsetta nedskjeringspolitikken sin i Os og i landet elles så må dei trengande etter kvart opna sedleboka meir og meir for å få den hjelpa dei treng.

Vent og sjå eller bruk tida på å studere erfaringar frå andre land - den såkalla moderniseringspolitikken til Søviknes og Frp kan faktisk visa seg å vera gammalt nytt.

HELGE NILSEN, ASKØY