— Vi får tru at dette ikkje er bevisst forsøk på å lure til seg ekstra pengar, men ufrivillig rot i listene, seier finansdirektør Per Kristian Knutsen.

Han håpar den harde reaksjonen mot Den Islamske Forening og Det Islamske Kultursenter i Bergen kan ha ein oppdragande effekt.

— For nokre år sidan fann vi høge feilprosentar også hos trussamfunn innan kristendommen. Her fekk vi stramma kraftig inn, og dei har skjerpa seg. Vi får håpe det same skjer i dette tilfellet, seier Knutsen.