Eg skal ikkje ramse opp alt elende som dei styrande har stelt til og synest ha planlagt. Det er berre så gale at folk flest ikkje finn ord for det. Det einaste me har tort oss til å seie er at ýdei må vanta ein del på synetý — om ikkje anna.

Gulen kommune t.d. vanta 15 millionar på å få budsjettet i hop før jul. Så kom der dalande 11 mill. Og ordføraren stod fram og sa at ýno skal vi greie detý. Nokre aviser skrytte over ordføraren og resultatet som var oppnådd. Andre ordførarar vart misunnelege, og snakka om ulik handsaming av kommunane, noko dei hadde rett i på eit vis. Kvar for seg kan me no tenkje over kva som er best, anten å få handa hoggen av med eitt hogg, eller å ta bete for bete over fleire år. Det er dei siste vilkåra Gulen har fått, og som andre kommunar må ta for å teie. Regjeringa oppnådde i alle fall å splitte skriket og murringa frå grasrota.

Så kjem tida for dei store orda ved attersyn over "gamleåret", og ei bergensavis kårar kommunalministeren til "årets navn". Erna Solberg kvitrar opp, glad og lukkeleg som ein lerkefugl og tykkjer ho har folket i ryggen. "Tenk det, Hedda!" Og me som trudde det berre vanta litt på synet!

BJARNE DÅE