I haust fekk Tor Nygaard i Arnøy Laks A/S i Troms besøk frå fylkesskattekontoret. Dei ville sjå papira frå forretningane selskapet hadde gjort med OK-Fish Kvalheim AS.

Eksportør Jarle Kvalheim vart sjølv konfrontert med undersøkingane av Nygaard.

– Han sa at alt var heilt i orden, og framheva seg sjølv som ein proff eksportør som visste å få pengar ut av marknaden, seier ein skuffa Nygaard. No er han budd på å tape pengar.

– Vi har levert fisk for tre millionar kroner til OK-Fish Invest AS no ved nyttår. Med kravet frå skattefuten er det vel tvilsamt om vi ser noko meir til dei pengane, seier Nygaard. Tapet vil ta ein tredel av fjorårets overskot for bedrifta.

– Det er surt, seier Nygaard. Han tykkjer likevel det verste er å bli kopla med det som ser ut til å vere historias største momssvindel her til lands.

Også andre oppdrettarar skal ha til gode pengar av Kvalheim. Fleire stadfestar opplysingane om at eksportøren frå Måløy var praktisk talt uslåeleg i budrunder om oppkjøp av fisk.

– I dei harde budrundene var det som regel han som vann, seier Dagfinn Lind, fiskeoppdrettar og styreleiar i Salten Aqua Invest – ei selskap Kvalheim nettopp hadde investert 900.000 kroner i .

Andre fiskeeksportørar har lenge lurt på korleis OK-Fish Kvalheim AS har drive butikk. I dag er dei letta.

– OK-Fish har skapt mykje uro i marknaden her heime og ute, seier leiar i Norske Sjømatbedrifters Forening (NSL), Odd Steinsbø.

Han seier at OK-Fish har betalt meir til oppdrettarane enn andre oppkjøparar har kunna tilby, samtidig som selskapet har selt billegare til utlandet.

– Det tyder på at han har hatt tilgang på pengar utanom det som går på kjøp og sal av fisk. Dette er ting eg og næringa har spekulert over, seier Steinsbø, som ikkje hadde noko forklaring på kva pengar det kunne ha vore.