PER MARIFJÆREN Per.marifjæren@bergens-tidende.no

Ein stor avfallscontainer som stod plassert på ferjekaia i Smørhamn i Bremanger kommune, vart nemleg sprengt i filler. Delar frå dei tunge stål-deksla flaug gjennom lufta og kutta av kraftledningane på kaien.

Bakoversveis og øyresus Politiet starta i dag full etterforsking av saka. Kaiomårdet vart mørklagd og ferjelemmen sett ut av funksjon etter stjernesmellen. Det er i løpet av natta at uvedkommande har klart å putte sprengstoff inn i den låste containeren, som blir brukt av mannskapet på ferja. Truleg har gjerningsmennene brukt dynamitt. Straumforsyninga til kaien vart øydelagd i eksplosjonen, men ferjetrafikken gjekk som normalt i føremiddag.

— Vi har konkrete spor å gå et-ter i denne saka, opplyser politi-overkonstabel Einar Vereide. - Det innvendige trykket har gjort den firkanta containaren nærast rund, og eg reknar med at gjerningsmennene har både bakoversveis og øyresus akkurat no.

Sporlaust vekk Politiet har konkrete personar som mistenkte i saka, men hadde laurdag ikkje greidd å spore dei opp. Dei ønskjer tips frå folk som kan ha sett eller høyrt noko i det tynt befolka kaiområdet natt til laurdag.

Vereide meiner at dynamitten som er brukt, stammar frå innbråt i eit dynamittlager ikkje langt unna. Politiet fann restar av elektriske tennarar i nærleiken av åstaden, i tillegg til at fleire av lukene frå containaren vart funne i terrenget og i sjøen. Men den aller største luka, den som har kutta av to av kraftleidningane oppe i lufta, er sporlaust vekk.